– Vi ser no ut over dagen at fleire av dei unge kjem for å gjere borgerplikta si. Eg trur det blir avgjerande, seier Bjørn Nedreskodje i stemmestyret.

Stemningsrapporter fra andre kommuner viser at blant eldre er flest skeptiske til kommunesamanslåing.

Malin Krogsæter Giske fra Engesetdalen og Embla Sortehaug Vadset fra Skodje er ikkje i tvil om kva som er det beste for dei som bur i dagens Skodje kommune.

– Vi vil ha det som før. Vi trur ikkje ei storkommune vil gje oss betre kommunale tenester, seier dei.

Dei ser likevel at det er både plussar og minusar ved kommunesamanslåing.

– Men det har aldri vore forlokkande å bli ålesundar, seier dei med eit smil.

Håpar på mange stemmer

Bjørn Nedreskodje seier det har vore overraskande stor pågang ved vallokalet i Skodje sentrum.

– Det er om lag på nivå ved kommunevala. Eg trur vi ender rundt 50 prosent, seier han vel vitande om at det store rushet kjem først i 17-tida.