Formannskapet i Hareid stod tidlegare i veka fast på at dei sa nei til mellombels bruksendring frå hotelldrift til drift av asylmottak i lokala i Hareid sentrum.

Saka gjekk derfor som klagesak til Fylkesmannen som no likevel har gitt grønt lys.

I vedtaket frå formannskapet heiter det mellom anna at kommunen har store utfordringar i oppvekst- og omsorgssektoren - og at dette vil auke med eit nytt mottak.

Fylkesmannen uttrykker forståing for dette, men påpeiker at Hareid vil få tilskott som vertskommune. Dei har difor valt å legge meir vekt på folkerettslige forpliktingar, med utgangspunkt i at behovet for slike plassar framleis er stort.

Det er Sentrum statlige EMA-mottak i Hareid som har søkt UDI  om å opprette eit mottak med opptil 60 plassar. Linda Haddal Røssvoll som tidlegere i år har hatt akuttmottak same staden, står bak det nyoppretta selskapet som i tilfelle skal leige lokalar av hotellbedrifta.

Les heile vedtaket som pdf til høgre (under om du les på mobil)