Haugenbok.no har dei mest begeistra kundane i landet. Det viser Norsk Kundebarometer frå Handelshøyskolen BI.

– Vi er stolte og audmjuke over utnemninga, det stadfester at god kundebehandling og stort utval blir verdsett av kundane våre, seier dagleg leiar Lars-Ove Hammer.

I forfjor rykka Haugenbok.no opp på 10 på topp-lista blant alle norske bedrifter. I fjor rykka dei heilt opp på andreplass, berre slått av Flytoget.

Hamle opp

Og i år har dei altså klatra heilt til topps.

– Vi tenkte at fallhøgda var stor, for det er mange bedrifter som gjer ting rett. At vi som ei lokal bedrift klarer å hamle opp med dei store konserna, som Toyota og Flytoget, som har både mykje musklar og eit heilt anna produkt – vi syns sjølv at det er litt spesielt, seier Hammer til Smp.no.

Ha trua

I fjor selde dei bøker for heile 150 millionar kroner.

– Ein må berre ha trua på seg sjølv og jobbe vidare på måten ein meiner er rett. Den jobben som vi gjer kvar einaste dag har gitt resultat, seier Hammer.

Les også: Raskast på levering

«Game changer»

– Haugen Bok er på sett og vis ein «game changer», seier Bengt Lorentzen i Norsk Kundebarometer til Dagens Næringsliv. I snart 20 år har dei målt tilfredsheit og lojalitet blant norske forbrukarar.

Målingane viser at nettbokhandelen i Volda har vesentleg meir tilfredse kundar enn tradisjonelle bokhandlar. Bengt Lorentzen ser utviklingstrekk som tyder på at mange tradisjonelle bokhandlarar vil kunne vere borte i løpet av to-tre år.

Han meiner butikkar burde tatt inn over seg at kundane ønskjer seg tilbydarar som tar ei rådgjevarrolle framfor ei ekspeditørrolle.

Same dag

– Når folk finn ei bok hos oss, skal vi levere boka kjapt og greitt, seier dagleg leiar Lars-Ove Hammer i Haugenbok.no.

– Og når folk ikkje finn den boka dei er på jakt etter, skal dei på ein enkel måte kunne ta kontakt og spørje oss. Då skal vi kunne gje eit så godt svar som muleg. Folk som tar kontakt får svar same dag, også sjølv om det er helg. Når vi får denne prisen, er det også fordi vi gir god kundeservice, seier Hammer.