Ordførar Anders Riise var på Mallorca då han fekk meldinga om eit muleg drap heime på Hareid. Han fekk umiddelbart varsla varaordføraren og leiaren i det kommunale kriseteamet. Teamet var oppe frå klokka 18 fredag kveld, og har vore i kontinuerleg beredskap sidan.

Laurdag var Riise tilbake i Hareid og tok over som ordførar igjen.

– Det har kome inn mange førespurnader til krisetelefonen, fortel ordførar Riise til Sunnmørsposten.

Han seier det er vanskeleg å kome skikkeleg i gang med arbeidet opp mot pårørande, all den dag den drepne personen framleis ikkje er sikkert identifisert.

Dei som vil ha kontakt med krise- og omsorgsgruppa, finn kontaktinformasjonen på Hareid kommune si nettside.

Telefonen vil vere døgnkontinuerleg bemanna framover, og her vil det vere personar å snakke med, seier ordføraren. I gruppa er det helsepersonell og prest.

Samling

Laurdag kveld vil krise- og omsorgsteamet saman med politiet ha ei samling på Bigset skule for naboar på Bigset.