Den grandiose opninga med mellom anna Grieg sin a-moll i Gomerhuset skjer i kveld.

Skal vi døme ut frå smakebitane Achucarro byd på under denne «kosekonserten» dagen før dagen, er det berre å gle seg vilt til hovud-evenementa.

Soga vil ha det til at eit klippfiskmåltid er mest all hyra verdsstjerna kan tenkje seg i Fjord Cadenza sitt tilfelle.

Det ligg ein ange av bacalao oppunder taket i den genialt og lunt ombygde grindløa på Nedreskodje – Nerskøyløa.

I slekt med Grieg

Sikre er vi ikkje, men det kan jo vere at slikt inspirerer ein sulten tonekunstnar litt ekstra.

– Eg kjenner meg trygg på at han aldri har spela for eit så lite og eksklusivt publikum som dette, seier ein like munter som stolt og begeistra Rune Bergmann.

Dette vert verkeleg noko å hugse for dei heldige. Fjord Cadenza hala inn den økonomiske slakken i fjor. Dei er dessutan inne med ei lita statleg løyving.

Pengane kjem godt med, men anerkjenninga som ligg i løyvinga er like viktig, forstår vi på styreleiar Hallgeir Øvrebust.

Både han og Bergmann skin som nokre soler no.

Før klippfiskhungeren tek overhand, legg Joaquin Achucarro for dagen ei nydeleg tolking av «sommerfuglen». Han slektar faktisk på Grieg.

Overraskande konsert

Pianisten nytta desssutan høvet til å heidre minnet etter Enrique Granados.

Spanjolen skreiv «The Maid and the Butterfly», tileigna kona.

I mars var det hundre år sia englandsbåten deira vart torpedert av ein tysk ubåt i første verdskrigen, og båe kom vekk.

Så sanneleg hiv verdsstjerna inn litt Rachmaninov før han er klar til å innkassere hyra.

Ved eit tønnebord rett bak ryggen til meistermusikaren treff vi på Marita Velsvik Andersen og Christian Nedregotten.

– Ho overraska meg med konsertbillett. Veldig kjekt. Vi skulle nemleg ha feira bryllup her i løa førre helg, men så vart Marita sjuk, fortel Christian.

– Vi nyttar i staden dette supre høvet til å teste lokalet. Men eg har også lyst å utvide den musikalske horisonten ein smule på Fjord Cadenza. Bryllupet tek vi att neste år, seier ho.

Dei unge elskande synst det er fantastisk å få kome så tett på ein musikar av Achucarro sitt format, og verkar vere såre nøgd med horisont-utvidinga si.

– Det er noko heilt spesielt å hamne så tett på ein slik musikar, synst Marita Velsvik Andersen frå Glomset og Christian Nedregotten frå Emblem. Foto: Bjørn Halvorsen