– Eg kan vanskeleg tenkje meg noko artigare fiske enn med oter i Lovatnet! Orda kjem frå den pensjonerte skulerektoren Leif Vinsrygg (71) frå Stryn.

Sjå bildeserie over.

Han har mange gonger opp gjennom åra teke turen til Lovatnet – som har fritt fiske for alle. Grunnen til dette er at grunneigarane fullt ut ser det positive i at det blir fiska mest muleg i det langstrekte vatnet.

Dermed går storleiken på fisken opp – og sikrar større fiskeglede. Det er også årleg premie for største fisk.

Sjå video i eige vindu: Sløyer fisk med saks

Dette er oter

Fiskereiskapen er oter - ei fjøl som dreg ut eit snøre med sju-åtte fluger på. Det er denne snedige fjøla med bly i botnen, skråskorne endar og ei streng-anretning som gjer at fjøla kan skifte retning – med rett teknikk. Og eit visst handlag må ein faktisk ha for å halde styr på oterfjøla – og ikkje minst lina ut til fjøla.

Denne er utstyrt med sju-åtte fluger som heng i fortaum ned i vatnet. Det einaste som måtte mangle når fjøl og line er perfekt ute, er det fiskaren kallar høveleg otergrele. Altså krusingar på overflata – etter eit høveleg lint vindpust i lufta.

Alt må klaffe

– Når alt dette klaffar, når fisken tek og du ser han lufte seg der ute i kamp mot fluga som har lurt han, ja då er du oterfiskar! Humrar Leif Vinsrygg nøgd.

Alle desse faktorane klaffa då han tok med Sunnmørsposten ein tur til vatnet med sin flotte natur. Men også ein natur som to gonger i førre hundreåret skapte flodbølgjedramatikk – med tap av mange titals menneskeliv kvar gong. Denne dramatikken heng framleis litt i lufta, sjølv når ein ror her under Ramnefjellet på fredeleg fiske. Fiskaren har i alle fall fullklaff med fiskeriet.

Når det først høgg, så høgg det til overmål på fleire fluger samstundes.

Rett i steikepanna

– Sjå der – ein, to. Nei, tre! To av fiskane strittar nedover i vatnet, medan den tredje går i lufta. Bokstaveleg tala. Han sprett over grela som om det gjaldt livet. Og det gjer det jo også!

– Steikt på panne, med sjy av fløyte og rømme, så får du aldri noko betre på bordet enn desse vi halar inn no. Insisterer lidenskapleg oterfiskar Leif Vinsrygg velnøgd. Tilfanget er sikra.

Sjå video i eige vindu. Sjå bildeserie over.