Ein tur med paraglider eller speedglider frå Valderøyfjellet (230 m.o.h.) enda på ei fjellhylle rundt 20 meter under toppen.

Piloten, ei kvinne, skal vere bevisst og vaken, melder politiet. Skadeomfanget er ukjend.

Pasienten er no henta ut av ambulansehelikopter og frakta til Ålesund sjukehus. Fjellet der turen starta er også kalla Signalen.

Såg det som skjedde

Kjetil Hauge på Valdervoll stadion.

Kjetil Hauge var augnevitne til det som skjedde.

- Eg var på fotballtrening på Valdervoll då eg brått såg ein person hoppe frå toppen av Valderøyfjellet, truleg i paraglider. Han landa kontrollert og fint på grasbana like ved sidan av her, fortel Hauge.

Han omtaler det som ein liten paraglider. Andre Sunnmørsposten har snakka med omtaler det som ein speedglider.

- Så kom det ein til hoppande. Då han kom over kanten, såg det ut til at han gjekk rundt og i koll nedover, og landa ikkje så langt nedanfor toppen, seier Hauge til Sunnmørsposten.

Låg vanskeleg til

Kvinna låg vanskeleg til, og Sea King redningshelikopter var på veg for å hjelpe.

- Dei ønsker bistand av Sea King fordi pasienten ligg litt vanskeleg til. Helikopter er no på veg, sa politiets operasjonsleiar Tove Holst-Dyrnes til smp.no klokka 19.12.

Sea King Florø set kurs mot skadestad for å støtte med uthenting av den forulykka, opplyste Hovedredningssentralen for Sør-Norge klokka 19.28.

Knapt ti minutt seinare kunne politiet melde at ambulansehelikopteret har henta ut pasienten, og at Sea King avbryt.

Fleire skulle hoppe

Politiets innsatsleiar på staden, Martin Kristiansen, seier til Sunnmørsposten at det står att to personar på toppen som hadde tenkt å hoppe.

- Vi har tenkt å samle gjengen som har hoppa og skulle ha hoppa og prate med dei i etterkant, seier Kristiansen.

Foto: Nils-Harald Ånstad

LRS Sunnmøre koordinerer, melder Hovedredningssentralen for Sør-Norge.

Toppen av Valderøyfjellet, populært kalla Signalen, er 231 m.o.h. Politiet fekk først melding om at det var ei fallskjermulykke.