Han er ein av to sauebønder på Vigra, som har beitande dyr både på Synes og Alnesfjellet.

– Det gjeld ikkje berre sauer, heller. Dersom ein hund kjem mellom ei ku og ein kalv, då er det ikkje noko ein kan gjere, seier Blindheimsvik. Medan kua vil gå til angrep på hunden, og i verste fall eigaren dersom hunden søkjer dit for tryggleik, vil sauer som vert jaga av hund springe.

– Om han så har knekt fot og knapt greier å stå, så vil ein sau springe dersom han vert skremd. Og då spring han til han er ferdig, forklarer Blindheimsvik.

Bryt bandplikt

Og det er nett det dei meiner har hendt på Alnesfjellet, der han seinast førre veke fann eit daudt lam.

– Folk overheld ikkje bandtvangen. Det har eg sett når eg sjølv går tur, fortel Berit Leite Synnes.

Ho og mannen Helge har 120 sauer og vel 230 lam. Gjetarhunden Roy kostar seks gongar så mykje som ein vanleg border collie, fordi han er dressert i Irland for å gjete nettopp saud.

– Men han er berre fri frå bandet når han trenar og jobbar. Elles har vi han alltid i fast, fortel Helge Synnes.

Det er heilårs bandtvang der beitedyra går, og bøndene kan ikkje tenke seg at skilta er så lite synlege at hundeeigarane kan misforstå.

– Nei, på Alnes er skiltet fast i porten. Du må faktisk ta på det for å kome inn der dyra går, fortel Blindheimsvik.

Han er overtydd om at det er eigarane sin enorme tillit til hundane sine som gjer at dei likevel let dei gå laus.

– «Min hund er så snill, han gjer ikkje noko gale.» Det er det som går att. Dei må forstå at hundane har eit innebygd jaktinstinkt, ber han.

Tør ikkje ha ku

Der dyra beitar på Vigra og Alnes er det heilårs bandtvang fordi både sauer, storfe og ville rådyr beitar der.

– No skal vi ha beite langs heile Synesvågen, men vi ser at så mange bryt bandplikta at vi tør ikkje ha fe der ute. Når vi berre har sauer, så går det i alle fall ikkje ut over menneske, seier Blindheimsvik, som sjølv har 34 kyr.

For tre år sidan vart ein husky avliva etter å ha skremd 200 av dyra hans delvis inn i ein stall på Roald.

– Då var det fire lam som døydde, og hunden hadde bite dei i sunt like ved skulen på Alnes. Hunden kan jakte sauer utan at eigaren er klar over det, åtvarar bonden.

Han presiserer at om han i den situasjonen hadde hatt ei hagle, så ville han i den situasjonen gjort som bonden i den mye omtala Tønes-saka i Rogaland: fyrt av.

– Absolutt. Eg stod der og måtte sjå på at han angreip. Det ville vore naudverge.

Ikkje bevis

Kadavera han fann i juli og tidlegare i august vart oppdaga såpass seint at fuglar og andre åtseletarar hadde fått forsyne seg grovt.

– Det var ikkje muleg å sjå om lamma hadde bittskader, for å seie det sånn, seier Blindheimsvik.

Etter funna av det som hadde vore store, friske lam, vart dei nøydd å ta inn fleire søyer med lam som hadde trekt ned mot bustadfelta.

– Dei har trengd gjennom gjerda og ned dit det bur folk. Det er sånn dei gjer når dei vert skremd, og då må vi berre ta dei heim, fortel Berit Leite Synnes.

Bøndene presiserer at det viktige er at folk respekterer bandtvangen, både for sin eigen og alle involverte dyr sin del.

– Og det gjeld altså ikkje berre saud, men også fe. Då vert det fort farleg for eigaren òg, seier Blindheimsvik.

<strong>På beite:</strong> Berit og Helge Synnes har sauene ute frå midten av juni til midten av september. Då er dei ekstra bekymra for at hundeeigarar skal sleppe kjæledyra sine laust så dei jagar sauene utfor stup, inn i høgt gras eller i eit så høgt tempo at dei vert «sprengt» – dei spring i stykke eige respirasjonssystem. 8foto: Morten Hjertø