I dag tidleg møtte ho folk flest på Moa som ein start på ein valkampturne gjennom Møre og Romsdal.

For nokre veker sidan la Venstre fram ei gransking som viste at så å seie ingen frå Sunnmøre har hatt verv på toppnivå i forskjellige sosialistiske regjeringar.

Venstre viste at verv som har mykje å seie for næringslivet i nordvest er fylte av folk frå andre delar av landet der denne typen arbeidsliv er lite utbreidd.

Men statsministerkandidat Erna Solberg lovar å setje inn flinke folk frå nordvest i viktige verv i regjeringsapparatet, men garanti om regjeringsplass kunne ho ikkje love på førehand.

Kveitebollar

Høgre-toppane delte ut kveitebollar til bussreisande på Moa. Andre bollar, stod det på posane som lovar andre bollar som ein annan politikk.

Ei av dei Erna Solberg møtte var Liv Tomren Fausa som venta på bussen til Bergen.

Eg trur det vert betre om Høgre kjem til makta, sa ho.

Også Per Gunnar Olsen sa han håpte det Solberg tek over. Elles var det få bussreisande på Moa den stunda statsministerkandidaten var der. Rundt henne var det minst tre politivakter.

Erna Solberg er godt kjent i Ålesund og ho fortalde at ho har reist ein del med buss her i byen der ektemannen er frå. Då ho fekk spørsmål om det skal verte fleire bussruter i byen, viste ho til at det er fylkeskommunen som driv bussrutene, men ei ny regjering vil stimulere lokaltrafikken. Det er nødvendig fordi bysentra kan ikkje verte overfylt med bilar.

Kommunesamanslåing

På spørsmål om kommunesamanslåing sa ho at det først og fremst må skje frivillig. Små kommunar under 3000-5000 innbyggjarar har ikkje sterk nok rygg til å ta seg av alle dei  spesialiserte oppgåvene dagens kommunar må utføre.

Statsministerkandidat Erna Solberg (H) på morgonaksjon på Moa i Ålesund tysdag. Foto: Nils-Harald Ånstad