Utover ettermiddagen vart forseinkingane på ferjesambandet så store at avgangane klokka 16 frå Hareid og 16.30 frå Sulesund vart innstilt. Men mannskapet om bord meiner dei skal klare å køyre resten av avgangane til siste avgang for b-ruta klokka 19.30.

Dei meiner det ikkje er fleire attståande bilar i dag, enn vanleg.

Følg smp.no på Facebook

– «Tidefjord» tek unna

– Det vert ei skeiv belastning av trafikken, men «Tidefjord» tek unna dei bilane som står att, fortel skipper Arild Holmeide til smp.no.

– Det vil nok betre seg, men noko av den same problemstillinga trur eg vi vil ha, seier skipparen.

Sjekk driftsmeldingar frå Norled her (ekstern lenke)

Ferja som vart bygd i 1986, er sett inn på ruta denne veka fordi «Tidesund» er på service.

– Lite klager

«Ullensvang» har kapasitet til 110 bilar, medan «Tidesund» som går ruta til vanleg, kan ta 120 bilar. Med andre er det ikkje stor skilnad her, men lasting og lossing tek lengre tid med den eldre ferja.

– Korleis reagerer passasjerane på situasjonen?

– Det er lite klager frå dei reisande. Det er ein eldre båt, men samstundes har den nokre fasilitetar som Tidesund ikkje har, som fin salong med utvendig dekk, påpeiker skipper Holmeide.

Frustrert ordførar

Hareid-ordførar Anders Riise meiner erfaringane viser at planane om å nytte «Ullensvang» på sambandet frå 2015, ikkje bør gjennomførast.

– Dette er katastrofalt, for næringslivet som skal ha av garde varene sine, og det stel frå folk si arbeidstid og fritid. Og for folk som skal med ferja vidare til Molde forplantar det seg, sa Riise til smp.no tidlegare måndag.

Fylkeskommunen tar bekymringa frå ordføraren på alvor.  Seksjonsleiar Dag Hole i samferdselsavdelinga i fylket har observert på ais-systemet korleis den «nye» har blitt stadig meir forseinka i løpet av måndagen.

Les fleire nyheiter frå Søre Sunnmøre og Nordfjord på smp.no

Kjem på inspeksjon

I ein epost til fylkeskommunen har Hareid-ordføraren utfordra fylket til denne veka å kome til Hareid, for å med sjølvsyn å observere korleis «Ullensvang» fungerer, eller ikkje fungerer, i dette sambandet. Hole seier at ein inspeksjon vil kome.

Han fortel at Vegvesenet allereie har vore i dialog med reiarlaget om ein slik type inspeksjon.

– Eg meiner at eit mannskap skal få gjere seg kjent med eit fartøy dei ikkje har køyrt før. Ingen er tent med at ein legg press på dei, på ein slik måte at uheldige situasjonar oppstår. Så må vi vurdere alvorlegheita dersom det skulle oppstå forseinkingar, om det ligg innanfor det ein skal vente, seier Hole.