Politiet i Sogn og Fjordane veit framleis svært lite om årsaka til dødsulukka ved Bryggja i Vågsøy skjærtorsdag.

Følg smp.no på Facebook

Fredag gjekk politiet ut og etterlyser ein buss som køyrte riksveg 15 ved ulukkesstaden i tidsrommet mellom klokka ni og ti om føremiddagen. Bussen skal ha køyrt frå Almenningen i retning Eid.

– Vi ønskjer kontakt med bussjåføren for å høyre om vedkommande kan ha opplysningar i saka, seier operasjonsleiar Odd Arve Solvåg i Sogn og Fjordane politidistrikt til smp.no.

Personar som har opplysningar om ulukka kan ringe operasjonssentralen på telefon 57758800

Ei kvinne i 40-åra døydde av skadene ho fekk i kollisjonen. Ein 46 år gamal mann vart alvorlig skadd og ein annen mann skal ha sloppe uskadd frå ulukka.

– Vi har ikkje snakka med dei involverte enno og kan ikkje seie noko meir om korleis ulukka skjedde, held operasjonsleiaren fram.

Les også: Alvorleg skadd etter ulukke