23-åringen som er sikta for drapet på Sami Milhem tilstod søndag under eit avhøyr på Ålesund politistasjon å ha utført drapet.

Imidlertid ville ikkje mannen ta standspunkt til spørsmålet om straffskuld.

I det same avhøyret forklarte han at han hadde vore heilt åleine om ugjerninga i den kommunale bustaden på Bigset i Hareid fredag.

- Media har meldt at fleire skal ha vore til stades då drapet var gjennomført. Til det er å seie at vi ikkje så langt har greidd å avklare om dei berre var då tildragelsen starta, eller om dei også var det då sjølve drapet vart gjennomført, opplyste politiinspektør Ingar Bøen opplyste på politiets pressekonferanse mandag.

Politiet meiner at drapet skjedde ein gong mellom klokka 8 og 11 fredag 8. august.

Innlagt på sjukehus

Bøen opplyste også at den sikta har vore i innlagt ved Ålesund sjukehus for å få utført eit kirurgisk inngrep  etter arrestasjonen fredag kveld. Kirurgien var naudsynt på grunn av skader på fingrane som den sikta fekk under drapshandlinga.

- Dette er grunnen til at vi ikkje kunne starta avhøyra før søndag ettermiddag, sa Bøen.

Skal undersøkast

Avhøyret søndag var også innom spørsmålet om motiv for drapet, men politiet vil ikkje no seie noko om kom fram i denne delen av forklaringa.

Politiet vil i dag oversende eit krav til Sunnmøre tingrett om oppnemning av to psykiatrisk sakkunninge som skal gjennomføre ein judisiell observeasjon. Ein slik observasjon er nødvendig for å få avklart om den sikta er tilrekneleg.

  - Det er imidlertid ikkje noko no som tyder på at den sikta ikkje var tilrekneleg då han gjennomførte drapet, seier politiinspektør Bøen til Sunnmørsposten.

Ikke funne drapsvåpenet

Advokat Erling Flisnes - som er forsvarar for 23-åringen - stadfestar overfor Sunnmørsposten at tilståelsen kom i avhøyret søndag. Han understrekar likevel at klienten hans ikkje har teke standpunkt til straffskuld, og viser til at det skal gjennomførast ein judisiell observasjon.

Politiet har enno ikkje lukkast i å finne våpenet som 23-åringen brukte då han gjennomførte det bestialske drapet fredag.

Etter pressekonferansa måndag presiserte politiet at dei meiner det har vore nytta eit kniv- eller knivliknande våpen. Bakgrunnen er skadene på offeret.

Omfattande arbeid

Kriminalteknikarane har no arbeidd sidan laurdag formiddag i bustaden der Sami Milhem vart funnen ille tilreidd fredag føremiddag. Etterforskningsleiinga håpar at dette arbeidet skal vere avslutta i løpet av dagen.

Den avdøde vert mandag obdusert på Ålesund sjukehus under leiing av professor Inge Morild fra Gades institutt i Bergen.

Det er muleg at den førbelse rapporten frå obduksjonen vert klar måndag. Etter det smp.no får opplyst, vil ikkje politiet likevel ikkje gå ut med noko av dette måndag kveld.