Islam var opphavleg ein krigar-religion. Den hadde stor militær framgang, utan sidestykke i historia, i Asia og Afrika, og den var på veg langt oppover Europa, før den der vart slegen attende. Kanskje den no er på veg tilbake på ein annan måte. For den folkevandringa som me no opplever, er ikkje berre flukt frå naud til velstand. Den fører også islam med seg. Islam er, til liks med kristendomen, ein misjonerande religion. Medan kristendomen kanskje er på vikande front, er islam på offensiven.

Begge tendensar er sjølvforsterkande. Medan man i kristendomen alltid har man lagt vekt på opplysning, slik at folk sjølve skal kunna lesa og forstå bibelen, har man i islam meir overlate til skriftlærde å fortolka koran. Dette fører gjerne til at dogma blir forsterka i islam, men svekka i kristendomen.

Samanliknar me dei to religionane, der det i den eine heiter at du skal elska dine fiendar, medan det i den andre heiter at du skal drepa dei vantru, finn me den eine meir kategorisk enn den andre.

Myndigheitene vil fordela flyktningane på kommunane. Desse flyktningane har ein egen kultur og stiller spesielle krav. Når til døme jenter og gutar skal trene kvar for seg i svømmehall og gymnastikksal, så krevst det doble sett med vakter og lærarar. Seinare krav om halalkjøt på aldersheimen osv. Dette fører med seg store ekstra utgifter i lange tider framover.

Nazistane tok livet av 6–8 millionar på 15 år. Sosialistane/kommunistane kverka hundre millionar uskuldige sivile på mindre enn hundre år, sjå «Kommunismens svarte bok». Islamske rørsler har rydda ut over det doble av det, men då over lengre tid, og held på framleis.

SVERRE GAMMERSVIK

Hosle