– Vi vart utsette for eit avansert, målretta angrep uført av aktørar med store ressursar, seier HR-direktør og tryggingsansvarleg Torild Bugge i Ulstein Group til Aftenposten.

Dataangrepa vart oppdaga av selskapet rett før påske. Då hadde det vore inntrengarar inne i datasystemet til selskapet i ei eller to veker.

Veit ikkje kva som er stole

Ulstein Group er ikkje sikre på kva slags informasjon som er henta ut. Datafilene vart kryptert før dei vart sende ut.

Angrepet på Ulstein Group er eitt av 16 alvorlege angrep på private og offentlege selskap i Norge i første kvartal 2014.

Vil gjere andre merksame

– Vi har hatt veldig gode tryggingssystem og brannmurar. Dette viser likevel at uansett kor store tryggingssystem du har, klarer du ikkje å beskytte deg, seier Bugge til Aftenposten.

Ulstein Group melder saka til politiet. Ifølgje Aftenposten har selskapet valt å vere opne om hendinga fordi dei ønsker at fleire blir merksame på denne typen industrispionasje.