Tysdag vert ein avgjerande dag for dei spektakulære planane om ei taubane 1000 meter til fjells i Loen. Samstundes har Hoven Loen kalla inn til ekstraordinær generalforsamling på Hotel Alexandra i Loen.

På programmet for kvelden står vedtak om kapitalauke. Samstundes er taubaneprodusenten Doppelmayr Garaventa på besøk i Stryn for å signere kontrakt på bygging.

Saka held fram under bilde

Arkitektur Då planane vart presentart tidlegare i år vart det uttalt at Hoven Loen skulle bli eit fyrtårn for reiselivet, ikkje berre i Stryn og Loen, men også på landsbasis. Foto: Illustrasjon: Aaland Arkitektkontor AS i samarbeid med siv.ing. Eva Eide Koefoed

Gjer som fleire enn 23.000 andre - lik smp.no på Facebook

Heile anlegget som inneheld taubane frå fjordbotnen til fjellet Hoven - med restaurant på toppen - er kostnadsrekna til 200 millionar kroner. Fjellstasjonen skal òg vere utgangspunkt for natur-baserte aktivitetar året rundt. Fjordstasjonen for taubana - eller pendelbana - som det også vert kalla, er planlagt vest for Loen.

Saka held fram under bilde

Utsikt Selskapet presenterte tidlegare i år førebelse teikningar for korleis anlegget vil bli. Teikningane var laga avAaland arkitektkontor og sivilingeniør Eva Eide.

Har jakta pengar

Alexandra-direktør Richard Grov tok tidlegare i år over førarrolla som dagleg leiar i prosjektet:

– I løpet av august reknar vi med å ha 75 millionar på plass, og vi håpar å vere fullteikna innan første halvår 2016, sa han til smp.no førre månad om korleis dei låg an med å reise dei 105 millionane i eigenkapital Hoven Loen hadde sett seg som mål. Dei resterande pengane er lån frå bankar.

«Dei noverande og dei fleste framtidige aksjonærane vil vere til stades», heiter det i innkallinga til generalforsamlinga, utan at det vert kjent kor mykje av kapitalen som no er på plass.

Les meir: Statsråd ga ingen lovnader for gondolVil ha drahjelp til toppen (krever abonnement)Spektakulært utsyn over LoenSatsar stort heilt til fjells

Eigenkapitalen var i sommar oppe i nærare 60 millionar kroner, medrekna 30 millionar frå Hotel Alexandra, 15 millionar frå Nordfjord Kjøt og 12,5 millionar frå Stryn kommune. Formelt var aksjekapitalen på 14,2 millionar kroner.

Planlagt ferdig i 2017

Planen har vore at banen skal stå klar våren 2017 og etter tre år reknar ein med 100.000 besøkande årleg. Ein stor del av dette skal vere cruiseturistar som skal bussast frå Geiranger til Loen.

Saka held fram under bilde

Satsing Stryn-ordførar Sven Flo og Richard Grov i Hoven Loen går over Gjølmunnebrua som er ein del av klatrestien Via Ferrata Loen, i same fjellet der det no planleggjast taubane. Foto: Einar Fannemel

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no

Gjennom Loen Active har Hotell Alexandra satsa på klatrestien Via Ferrrata Loen i det same fjellet dei seinare åra. For to år sidan opna den luftige Gjølmunnebrua - ei hengebru i 760 meters høgde, som har gjort at mange fleire har teke turen til Loen.