Det seier Eirik Sætre Hove (18) frå Volda – sistemann ut i sommarserien «Se hva jeg kan!», med jojo-triksinga si.

Viktig hobby

Hove har sjølv hatt epilepsi sidan han var baby – og fortel at sjukdommen i periodar har vore ei utfording, mellom anna knytt til skule og skulearbeid.

- Det å få til dette med jojo har vore ein stor motivasjon for meg, og også særs viktig i forhold til sjølvtillit og det å lukkast med noko. No vil eg vere ein rollemodel for andre med epilepsi. Det går an å drive med det du likar best, sjølv om du har denne kroniske sjukdommen, seier han.

På turné i sommar

Rundt fire år er gått sidan Eirik starta med jojo.

- Eg forsto fort at dette var noko eg hadde talent for – det gjekk lett å lære nye triks, forklarar han. Etter kvart har han vist fram kunstane sine i heimkommunen, så vel som i ulike talentkonkurransar. Når det gjeld sistnemnde kom han i vår heilt til finalen i «Norske talenter» på TV2.

- Jojo-triksinga har etter kvart også begynt å gje litt inntekter. I sommar fekk eg til dømes vere med på VG sitt sommarshow. På 20 dagar vart det 46 show rundt om på kysten frå Oslo til Arendal, saman med to andre artistar og eit stort crew.

- Kva tenkjer du vidare om hobbyen din?

- Eg skal halde på. Eit mål no er å ta del i World Yo-Yo Contest, som er den største konkurransen i verda når det gjeld jojo. Av ulike grunnar rakk eg ikkje konkurransen i år, men neste år vil eg med. Då er Tokyo staden, fortel Eirik.

Over helga vil det bli opna for avstemming i «Se hva jeg kan!» her på smp.no.  Dei fem med flest stemmar blir premiert og får også moglegheit til å opptre på Lekivalen i Ålesund i slutten av september.