Sunnmørsposten klaga inn Eid og Selje kommunar etter brot på offentleglova, kommunelova og forvaltningslova då dei hadde forhandlingsmøte på Gloppen hotell for ein intensjonsavtale 3. og 4. januar.

Første heilomvending

Etter press frå Fjordenes Tidende gjorde Bjørlo heilomvending og opna dørene.

Overfor Fylkesmannen, som er klageinstans, hadde Sunnmørsposten ingenting å påpeike kring møtet 4. januar, anna enn at det var bra at dei folkevalde innsåg at dei ikkje hadde heimel for å lukke dørene.

Det avisa reagerte på var at dei folkevalde også 3. januar hadde møte på hotellet som både Alfred Bjørlo, Stein Robert Osdal (ordførar i Selje) og Ørnulf Lillestøl (rådmann i Selje) på førehand sa skulle vere lukka. Sunnmørsposten meinte at det ikkje var heimel for å lukke møtet etter lova.

I klaga sto det mellom anna at det ikkje er unaturleg at nokon vil kunne tenkje seg at realitetsbehandlinga rundt intensjonsavtalen pågjekk i det lukka møtet 3. januar, og at resultatet vart lagt fram i møtet 4. januar.

Blei varsla fleire gonger

Både politikarane og rådmannen vart varsla fleire gonger om det Sunnmørsposten meinte var eit lovbrot. Avisa fekk ikkje opplyst lovheimel for at møtet skulle vere hemmeleg, men påpeika at også orienterings- og referatsaker er sakshandsaming etter kommunelova. Det var heller ikkje innkalling, sakliste eller protokoll til møtet.

Rådmann Ørnulf Lillestøl var blant dei som meinte møtet 3. januar ikkje var eit møte i eit folkevald organ, sjølv om han erkjente at dei folkevalde ikkje var på møte som privatpersonar.

Nok ei heilomvending

Lillestøl gjer no heilomvending etter at Sunnmørsposten klaga til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

I ein e-post til Sunnmørsposten skriv rådmannen: "Vi registrerer klage frå Sunnmørsposten sendt til Fylkesmannen 4. januar. Vi er samd i argumentasjonen som er framført om at samlinga vi har hatt også 3.  januar på Gloppen Hotell må reknast som eit møte etter kommunelova. Vi beklagar då feile opplysningar om at dette møtet var lukka frå ålmeinta. Dette skulle sjølvsagt vore eit ope møte begge dagar. Vi beklager denne glippen og takkar pressa for påminning om dette."