Det seier perkusjonist Ronnie MAG Larsen om videoen til låta «Strangers In A New Town». Smp.no får dei neste dagane vise den eksklusivt.

  • Sjå videoen øvst i denne saka

Videoen vart spelt inn i Oslo for to veker sidan.

- Alex (Rinde, vokalist journ. merk.) ville helst sleppe å vere med i sjølve videoen, og fordi Oslo var enklast for oss som skulle lage den, vart opptaka gjort der, fortel Larsen. Medan han har stått får regi og klipp, har Tor Orset frå Molde filma.

Få med deg det som skjer i kulturlivet på Nordvestlandet. Følg smp-kultur på Facebook!

- Sandra Waldorf Edvardsen frå Svolvær er vidare «the stranger» - og i tillegg til Alex, Rune (Berg - gitarist) og meg, er Therese Aune med som korist og Dag-Filip Roaldsnes frå Valderøya med på tangentar, seier Larsen.

Strangers i Stavanger

Sjølve låta, «Strangers In A New Town», vart til på eit hotellrom i Stavanger for fire år sidan.

- Alex, Rune og eg var på turné med Rikskonsertene, og budde på same rom i tre veker. Vi var verkeleg framande i ein ny by – og bestemte oss for at vi skulle skrive to låtar der. Det gjorde vi – og no i etterkant synest vi sjølve at nett «Strangers In A New Town» er ein av dei finaste på plata «Carousel Magic Spell», seier Larsen.

Julete

- Om det ikkje er fokus på puppar og bling-bling i videoen, har den fått eit litt julete preg?

- Det er ikkje med vilje, men når ein filmar i Oslo i desember er det mest ikkje til å unngå å få med ein del julelys. Når det no likevel vart slik, må eg innrømme at eg synest det er midt i blinken. Det er jo straks jul, påpeikar Larsen. Som også kan kome med ei aldri så lita nyheit:

Om nytt album - og midtlivsalvor

- Vi skal snart i gang med planlegging av nytt album. Eigentleg såg vi føre oss eit femårsperspektiv, men så er vi jo litt «i siget» for tida: Mellom anna skjer det stadig at nett albumet «Carousel Magic Spell» blir peika på som eit av dei beste i år. Så då Rune sa: «Kva med mars?», som i mars neste år, så vart vi etter kvart einige om det.  Vi har fleire låtar som alt er skrive, men som ikkje fekk plass på førre album, og…. så blir vi jo ikkje yngre vi heller, blir det peika på.

- Litt midtlivsalvor?

- Gjerne det. Dei to siste åra har eg tenkt om mykje at: Eg er nøydd til å gjere det no. At det ikkje er noko å vente på. Det enklaste er jo å ikkje gjere noko. Samtidig er det jo også det kjipaste, seier Larsen.

- Eg har trekt fram nokre gongar at det første sonen min Ask (som har Downs, journ. merk.) sa, var: «Livet er herleg». Kombinerer ein dette med det eg sa om å ikkje vente, får du: «Livet er herleg – ein lyt gjere det no». Bra, ikkje sant?

Gjør som flere enn 24.000 andre - følg Sunnmørsposten på Facebook

Bandet «Giske», f.v.; Ronnie MAG Larsen, Rune Berg og Alex Rinde. ARKIVFOTO: NIKOLAS B. FARSTAD