Det er mellom anna vener, arbeidskollegaer og medlemer i Hødd-supportarklubben Blåsarane som no er samla i Ulstein kyrkje.Der kan ein vere stille i lag, høyre på musikk og tenne lys medan ein minnest den avdøde.

Kateket Bjørn Losvik sa at avdøde var ein del av mange fellesskap, og at det er naturleg at ein no også vert prega av det som skjedde i fellesskap.

Losvik oppmoda om at ein no skal ta vare på kvarandre og familiane som er involverte.