Best Western Raftevolds Hotell i Hornindal og Bakketunet på Bjørka i Ørsta meiner søknaden frå Hjørundfjord Adventures om å få frakte skituristar til fjells med helikopter, bryt med kva dei står for.

Dei trekk seg difor ut av nettverket dei tidlegare har inngått med selskapet, ifølgje i ei pressemelding torsdag. Med i nettverket er óg Kaldneset AS.

Ulike verdiar

– Eit samarbeid mellom aktørar som ikkje har same verdigrunnlag og målsetjing er ikkje fruktbart, heiter det i pressemeldinga.

– For Bakketunet sin del er det heilt uaktuelt å støtte den nye satsinga til Hjørundfjord Adventures som har gitt uttrykk for at dei ønskjer skiturisme med helikopter i Hjørundfjorden. Eit slikt konsept strid mot verdiane til Bakketunet som ønskjer å drive vern om felles kulturarv og ta vare på røtene sine i den norske bondekulturen, seier Marita Bett Jensen, som er drivar av Bakketunet på Bjørke.

Les også: Fryktar skiturisme med helikopterLes også: – Heliturisme kan verte stort

– Får ikkje noko tilbake

Hotelldirektør Jens Brokmann meiner Hjørundfjord Adventures jobbar på ein måte som ikkje gagnar dei.

– Ressursane vert brukt til å utvikle Hjørundfjord Adventures, i staden for å utvikle dei eksisterande selskapa som er medlem. Vi får rett og slett ikkje noko ut av dette, seier Brokmann.

– Vil du gå så langt som å seie at dokke er misbrukt?

– Det er kanskje litt krast å seie det slik, men i ettertid har vi kjent det den måten, seier Brokmann.

- Ingen kommentar

Smp.no fekk torsdag kveld kontakt med dagleg leiar Ola Jon Mork i Hjørundfjord Adventures.

- Eg har ikkje kommentarar i kveld. Vi må ta igjen dette seinare, seier Mork.

Hjørundfjord Adventures søkte Møre og Romsdal fylkeskommune om midlar i 2012 og fekk 1.728.000 kroner.

- Prosjektpartnerane Bjørke Adventures AS (tidl. Hjørundfjord Adventures AS), Bakketunet (Galleri Bjørk), Kalneset AS og Raftevold Hotel (Sogn og Fjordane) vil ha fokus på utvikling av produktmodular og produktfamiliar hos den enkelte aktør og komplette produktpakkar for nettverket. Døme på produkt er fisketurar i Hjørundfjorden og på fjellvatn, fjellturar, toppturar, kulturopplevingar på Bjørke med historieforteljing og kunstutstillingar, melder fylkeskommunen.

- Dette med helikopter har ingenting med støttesøknaden å gjere, seier Mork.

Les fleire nyheiter frå Søre Sunnmøre og Nordfjord på smp.no

Marita Bett Jensen driv Bakketunet på Bjørka, og satsar på kulturopplevingar og kunstutstillinger. Søknaden om helikopterturisme fell ikkje i god jord.
Jens Brokman ved Raftevolds Hotell vil heller ikkje vere med vidare i reiselivssamarbeidet.