MF Høgsfjord slit med å halde ruta som reserveferje når MF Ullensvang er på årleg service. Måndag føremiddag la Høgsfjord frå Hareid rundt klokka 10.08, rundt åtte minutt forseinka, ifølgje marinetraffic.com.

Men problema er truleg forbigåande. Feire gongar i år har Høgsfjord vore reserveferje i sambandet, seinast i april. No har Høgsfjord vore på service og fått skrapa botnen, det gir ferja opptil ein knop meir, ifølgje Norled.

- Ferja bruker no eitt til to minutt mindre på overfarten, seier regionssjef for ferjer i Norled, Inge Andre Utåker, til Smp.no

Grunnen til forseinka skal vere at mannskapet treng litt tid til tilvenning. I tillegg fungerer ikkje den nye lysreguleringa på Hareid, det bidrar litt til forseinkinga, seier Utåker. Bortimot klokka 12 hadde ferja tatt inn litt av forseinkinga.

Høgsfjord skal gå i sambandet til og med onsdag, og har plass til rundt 40 bilar færre enn Ullensvang.