15 bilistar på Sunnmøre og i Nordfjord har vore nøydd til å grave i lommeboka etter å ha blitt stansa av politiet måndag.

Ved 19.30-tida avslutta politiet ein kontroll i Ulsteinvik etter å ha sjekka 50 bilar.

Resultatet vart at tre sjåførar bøtelagt for manglande bruk av bilbelte, og to personar som måtte betale for å ha brukt mobiltelefon i samband med køyringa.

Gjer som fleire enn 21.000 andre - lik smp.no på Facebook

Tidlegare måndag hadde politiet i Stryn kontroll i Sætrevegen der 70 vart kontrollerte. Fem fekk bøter for høg fart i 30-sona, men alt var i orden elles.

Også i Vågsøy har trafikken vorte kontrollert. Ved Raudeberg og Bryggja fekk tre bilistar bøter for ikkje å ha brukt belte, medan to måtte betale for ikkje å ha med førarkort.

Utrykkingspolitiet åtvarar samstundes bilistar over heile landet om at dei kan vente seg auka fartskontroller langs vegene denne veka.

Politiet i heile EU har planar om å slå hardt ned på fartsbøller, særleg den 16. og 17. april, melder NTB.