Alle som har besøkt fuglefjellet på Runde før, hugsar den voldsomme lyden frå krykkjekolonien. No er det heilt stille.

Fleire artar er heilt borte og dei andre bestandane har vorte meir enn halverte.

Mange forskarar fryktar at fuglefjellet på Runde er i ferd med å døy heilt. Det største fuglefjellet i Sør- Norge, den nasjonale identiteten og stoltheita, kan vere i ferd med å forsvinne heilt.

Biologen Dag Olav Hessen er ikkje i tvil om dette skuldast klimaendringane og ikkje meir tilfeldige svingingar.

Raudåta er basismaten for fisken som igjen er fuglen si føde. Men temperaturane i havet stig og raudåta flyttar seg nordover.

- Endringane i økosystemet

- Medan det tidlegare var overfiske som gjorde at det vart matmangel for fuglen, er det no endringane i økosystemet, sa Hessen til Sunnmørsposten under eit besøk på Runde tildegare i år.

Fuglefjellet på Runde ser altså ut til å bli staden – mindre enn ei dagreise unna for dei fleste av oss – der vi med sjølvsyn kan konstatere verknadane av klimaendringane. Antan dei er menneskeskapte eller ikkje.

Tidlegare har vi vel på våre kantar meir sett på omfattande nedsmelding av isbrear og hyppigare ekstremver som utslag av klimaendringane lokalt.

Frå orkesterplass

Men no kan vi altså fylgje eit økologisk drama frå orkesterplass på denne vesle øya i Herøy kommune.

Hundretusener frå inn- og utland har gjennom åra besøkt øya i hekkesesongen frå april til august når så mykje som 500.000 fuglar har samla seg der.

Bakgrunnen for at til dømes lundefugl-bestanden har gått ned frå om lag 100.000 par til det halve, er at temperaturen i sjøen utanfor kysten dei siste ti-femten år har auka med mellom ei og to grader. Det gjer at fiskeartane som skal vere mat for sjøfuglen på Runde forflyttar seg lenger nordover.

-Den karismatiske lundefuglen

Forskarane har lenge fylgt utviklinga på Runde med interesse og ikkje reint lite uro. Dei siste åra har denne forskninga mykje vore kanalisert gjennom Runde miljøsenter som vart etablert i 2009.

Dag Olav Hessen – den kjende biologen som hadde Ålesund til barndomsrike i feriane, lanserer ideen om å gjere lundefuglen til ein symbolfugl  i eit forsøk på å få merksemd på klimaendringane.

- World Wide Fund for Nature har med hell brukt pandaen som symbol for miljøkampen. Pandaen betyr ikkje så mykje i økosystemet, men om han forsvinn, vil det vere eit stort symboltap. Og slik er det viktig å bruke desse karismatiske symbolartane som det er lett å identifisere seg med, seier Hessen.

Det er i alle fall klart at den globale oppvarminga treng all den merksemda som morgleg å oppnå, dersom som ein skal greie å bremse dei negative verknadane.

Ny Ålesund i sentrum

Gruvesamfunnet Ny Ålesund – som opphavleg heitte Brandal City – har stått sentralt i mange hendingar i vår polarhistorie. Skipper Petter S. Brandal og han medinvestorar hadde først og fremst kolessursane i tankane når dei etablerte seg i Kongsfjorden på Svalbard i 1916.

Gruvedrifta er no avslutta og sidan 1964 er det bygt oppbygd opp  eit senter for internasjonal arktisk forskning og miljøovervakning. Fleire land har forskningsstasjonar her, og om sommaren er forskningsaktiviteten stor.

Her kan det internasjonale forskarmiløet studere klimaendringan på nært hald. Der har dei konstatert at oppvarminga av Arktis sidan 1980 har vore dobbel så stor som i resten av verda.

- Temperaturene i Arktis har økt kraftig de siste tiårene over det meste av regionen, spesielt om vinteren. Økningen i vintertemperaturen i Alaska og Vest-Canada har vært rundt 3–4 °C i løpet av det siste halve århundret, heiter det i ein rpport frå Norsk Polarinstitutt.

Heilt annan utsjånad

Forskarane seier at området rundt Ny Ålesund i Kongsfjorden har fått ein heilt annan utsjånad enn det hadde for berre nokre få år sidan.

Særleg framtredane er den omfattande nedsmeltinga av isbreane som ein fryktar kan føre til at havnivået stig over heile verda og fare for at store bebygde landområde må fråflyttast.

Stilt overfor desse grandiose konsekvensane og eit verdssamfunn som ser ut til å ha store vanskar med semjast om omfattande og drastiske tiltak som er bindande for alle nasjonar, er det lett for å gå inn i ein tilstand apati.

Men det er også positive teikn. For vel ei veke sidan la forskningsprogrammet Tempo fram ein rapport om transportsektoren som er klinkande klar på effekten av overgang frå bensindrivne til elektriske bilar.

- Det klart mest virksomme klimatiltaket innen samferdsel hittil er CO2-komponenten i engangsavgiften for personbiler, kombinert med avgiftsfritakene og de andre fordelsordningene for elbiler. Dersom en skal lykkes med å gjøre personbiltransporten tilnærmet utslippsfri, må disse skatteincentivene videreføres og forsterkes, trolig slik at fordelene etter hvert utjevnes noe mellom deladbare hybridbilene og de rene elbilene, heiter det i rapporten frå Tempo.

Momsfritak kan bli stoppa

Men også på dette området er det skjer i sjøen. EFTAs overvakingsorgan ESA kan kome til å gripe inn for å stoppe momsfritaket.

Dessutan har det kome kritikk mot at ordninga også omfattar Tesla som er i røynda er klimaluksus for overbetalte fotballspelarar, direktørar og NATOs generalsekretær.

Dessuten kan ein i framtida oppleve at drifta av elbilar blir så billeg at trafikken totalt sett aukar og skaper kaotiske tilstandar i dei mest  trafikkerte byområda.

ESA kan vi vanskeleg instruere, men dei andre vanskane knytta til skatteinsencentiva, må vi på eigahand kunne finne løysingar for å redde ei ordning som faktisk fungerer.

Men for all del, grip Hessens idé: Gjer den karismatiske lundefuglen til symbol på klimakampen.