Møbeleventyret til Geir Kvalsvik på Dombås er - som smp.no alt signaliserte tysdag, over.

Onsdag gjekk Kvalsvik til skifteretten med selskapet, som kort tid før konkursen endra namn frå Kvalsvik Produksjon til «Takk og farvel AS».

Les også: Dombås-eventyret er ute

– Det er produksjonsselskapet som er konkurs. Kvalsvik-kjøkkenet er det ikkje. Merkenamnet er knytt til eit anna selskap, og dette selskapet lever vidare, seier Geir Kvalsvik til smp.no.

Han fortel at han no ser etter ei alternativ løysing, der andre kan ta over produksjonsbiten.

Les fleire næringslivsnyheiter på smp.no

Ifølgje Brønnøysundregisteret er bustyrar advokat Erling Flisnes. Første skriftesamling blir halde 10. mars i Sunnmøre tingrett.

Kvalsvik Produksjon - eller «Takk og farvel AS» er skuldig Dovre kommune 1,7 mill. i husleige.  Men ifølgje Svein Grandalen i Fellesforbundet har firmaet også halde tilbake fleire hundre tusen kroner i løn til dei tilsette.

– Å halde tilbake er sterke ord, men både norske og utanlandske arbeidarar har uteståande løn og andre ytingar for ein periode på to månader, dersom ein tek med januar som skulle vore utbetalt i desse dagar, har Kvalsvik tidlegare uttalt - og forklart dette med at bedrifta er under avvikling.