Tilbake i normal drift

Halv sju laurdag morgon melder Norled at ferja er tilbake i normal drift og ruta vil gå som normalt frå Haramsøya kl. 07.05.

Norled meldte på heimesida si fredag at «M/F Kvam» var teken ut av drift på grunn av tekniske problem. «M/F Kvam» vil ikkje kome tilbake i drift fredag.

Skyssbåten Nordic Lady vil utføre ruta med passasjerane, melder Norled.

Det er eit stort engasjement rundt den innstilte ferja, og Sunnmørsposten har fredag vorte kontakta av fleire som meiner at det tilbodet dei får ikkje er godt nok. Dette er heller ikkje den første gongen at ruta har vore innstilt.

- Limet i samfunnet vårt

Trine Otterlei sit i trafikknemnda i Haram kommune for Arbeiderpartiet. Ho er klar på at dette ikkje er godt nok, men meiner skulda må plasserast på rett plass.

- Det er ein fortvilt situasjon, men slikt kan skje med ferjene. Eg oppmodar folk å ikkje rette skytset mot dei som arbeider på ferjene. Her må politikarane kome på bana, seier ho.

Otterlei vart sjølv ståande att på kaia i dag, og ho meiner at Norled må følgje dei krava som er sett i anbodet frå fylkeskommunen.

- Dette er limet i samfunnet vårt. Industrien treng at ferjene går, folk som har avtale på sjukehuset treng at ferjene går. Alle treng det. Er det slik at det står i anbodspapira at det skal vere på plass reserveferje etter fem timer, så må det vere det. Viss ikkje må det få konsekvensar, seier ho.

- Ille

Inge Andre Utåker er regionsjef for bilfjerer i Norled. Han medgjev at dei ikkje er nøgd med det som har skjedd på denne ruta. I det siste har det vore fleire kanselleringar.

- Eg skjønar godt at det har vore reaksjonar. Vi er ikkje nøgd med det som har skjedd.

- Kva er det som har skjedd?

- Vi har hatt eit problem med oljekjølaren på denne ferja, og vi har nok vorte litt lurt. Vi trudde problemet var mindre enn det det var. Vi har tidlegare gjort midlertidige reperasjonar, og vi trudde at problemet vart ordna. No har vi tatt ut heile oljekjølaren og reparert den. Ferja skal gå att frå vanlig rutestart i morgon.

- Er ferjene på denne ruta gode nok?

- Ja, det er dei. Anbodet er lyst ut med eitt sett krav som desse ferjene fyller. Det er sant at det er meir moderne og bekvemmelege ferjer, men dei krev nye ferjeleier. Sidan det skal verte ny vei ut til desse øyene, så støttar vi Statens Vegvesen i vurderinga om at det ikkje er lønnsamt å byggje nye ferjeleier.

Utåker medgjev også at dei nok ikkje har klart å oppfylle anbodskrava i denne saken.

- Det er det ingen grunn til å skjule. Kravet til responstid for å sette inn reserveferje er fem timar. Vi ligg heilt klart bak kravet her, men vi sat inn passasjerbåt raskt etter at ferja måtte leggje seg i ro.