Det skjer gjennom tankebobler. Egil Olsen har nemleg debutert som teikneserieskapar. Den første stripa stod på trykk i Dagbladet tysdag.

I alle fall ein månad framover skal artisten ha ei stripe på trykk kvar dag. I dei vil han framfor alt ta føre seg korleis det er å vere artist.

– Det verkar som om mange folk trur at artistlivet er glamorøst. I røynda er det ein krevjande jobb og eit merkeleg tilvere. Eg ønskjer å vise litt av det absurde, rare, ved dette livet, seier Egil.

Med i stripene blir òg artistkollegaer.

– Ja, Marit Larsen kjem for eksempel på besøk i ei stripe eller to.

Stort i lite

Alle som har vore på konsert med Egil Olsen, veit at mannen nærast fungerer som standupartist mellom låtane. Også teikning er noko han har heldt på med lenge. Blant anna har han teikna sine eigne platecover, og han har brukt eigne animasjonar i musikkvideoane sine. Ideen til å bli teikneserieskapar hadde han sjølv.

– Ja, eg hadde møte med nokon som jobbar med promo av musikken min og vi snakka om korleis vi kan promotere artisten Egil Olsen. Dei spurte om eg ikkje kunne skrive turnédagbok, men då foreslo eg å lage teikneserie i staden.

Å lage stripene har likevel vore meir arbeidskrevjande enn Egil hadde rekna med.

– Eg har brukt mykje tid både på å utvikle figuren, som er meg, og på å få fram gode poeng. På sett og vis jobbar eg med det same som eg gjer elles. Det handlar om å fange noko stort i noko lite.

Karikert

Egil har både følt seg som ein teikneseriefigur og fått høyre at han ser ut som ein, lenge.

– Det er fordi eg er karikert. Eg har ein karikert utsjånad og karikert humor. I det karikerte skal ein finne meir enn noko å le av.

– Etter å ha lest ei av mine teikneseriestriper håper eg folk humrar litt og tenkjer litt vidare for seg sjølv, seier Egil, og legg til:

– Ja, og så håper eg kanskje at dei tenkjer: Stakkars Egil Olsen, kanskje eg skal fare på konsert med han.

For det er musikar Egil er, sånn i botn og grunn. Men sjå ikkje vekk ifrå at han kjem ut med ein teikneseriebiografi med teikneseriefiguren Egil Olsen i hovudrolla.

<strong>Hund:</strong> Egil Olsen har to hundar. Dei kjem til å bli synlege i teikneseriestripene hans. – Det er berre å sjå på dei, så skjøner ein at dei høyrer heime i ein teikneserie, meiner Egil.