Fleire fryktar dyrare og dårlegare flytilbod mellom Oslo og Volda/Ørsta, om ruta skal drivast heilt kommersielt og utan statlege subsidiar.

– Dette vert ikkje akseptert frå Arbeidarpartiet si side, seier stortingsrepresentant Fredric Holen Bjørdal (Ap).

I første omgang skriv han brev til statsråd Ketil Solvik-Olsen og spør om han kan avkrefte at dette gir dyrare og dårlegare tilbod.

Ikkje gullkort

Bjørdal vil også ha svar på kvifor statsråden ikkje har lagt vekt på kva kommunane, fylkeskommunen og næringslivet seier, samt omsynet til dei privatreisande.

Arbeidarpartiet vil gå mot fjerning av subsidiane til flyrutene frå Oslo til Hovden. Det har Bjørdal fått avklart med partiet sine representantar i transportkomiteen på Stortinget.

– Vi har ikkje bruk for å tene opp bonuspoeng og gullkort. Vi treng godt rutetilbod til overkomelege prisar. Difor er det viktig at denne ruta held fram med å vere tilbodsrute, seier Bjørdal.

Kamp

Også Utviklingsforum Hovden lufthamn lovar kamp. Sekretær Odd Magne Vinjevoll hadde ikkje trudd departementet ville gå så drastisk til verks og ta vekk grunnstamma for flyplassen.

– Sju-åtte avgangar blir kommersialisert brått og brutalt. Dette kan bety mykje både for pris og tilbod, fryktar han.

Ikkje overskot

Om lag 80 prosent av trafikken på Hovden er ruter til Oslo. Og Vinjevoll trur ikkje det er mogleg å drifte åtte avgangar for dag med overskot. I dag går to til tre av avgangane med overskot. Difor meiner han Hovden ikkje er klar for kutt i subsidiane enno.

– Her er det minst subsidiar per billett i heile landet, og her er det dermed også minst pengar å spare, seier Vinjevoll.Næringslivet står for 60 prosent av trafikken på Hovden, og Vinjevoll meiner smertegrensa deira er nådd. Bedriftene kan ikkje betale dyrare billettar.

Etter at det blei kjent kva departementet legg opp til har Vinjevoll fått mange reaksjonar, og det nye opplegget blir ikkje akseptert. Utviklingsforumet har allereie fått til eit møte med ein statssekretær om saka. Håpet er også å få møte samferdsleministeren sjølv.Vinjevoll oppmodar også politikarar med lokalkunnskap om å støtte kampen.