Fordi ferja Ullensvang er på årleg verkstadopphald har det vore ein del kø og attståande bilar på sambandet mellom Hareid og Sulesund.

Konsekvensen er at det berre er to ferjer i sambandet, Tidefjord og den mindre ferja Høgsfjord. Til vanleg går det tre ferjer i dei mest trafikkerte periodane.

Bilistar har tipsa smp.no om lange køar på Sulesund-sida fredag ettermiddag og mange attståande bilar. Også torsdag ettermiddag var det opptil to felt med attståande bilar på Hareid-sida.

Norled meldte at ferja gjekk ut av sambandet frå 18. mai, og at dette vil halde fram i om lag to veker.

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no