- For at den raudgrøne regjeringa skal behalde truverdet langs Vestlandskysten, er det svært viktig at Stad Skipstunnel vert følgt opp med eit positivt vedtak som gjer at prosjektet kan realiserast, skriv dei raudgrøne partia i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, i eit brev til regjeringa.

Stad Skipstunnel ligg inne i noverande Nasjonal transportplan (NTP) med startløyving, og har vore gjennom 17 utgreiingar.

Overmoden

I samband med at NTP for 2014-2023 skal leggjast fram i februar, går dei raudgrøne partia i dei to fylka på Nordvestlandet saman om skipstunnelen.

- Saka er overmoden, skriv dei seks fylkespartia i eit brev til Samferdselsdepartementet og Fiskeri- og kystdepartementet.

På to sider blir dei viktigaste argumenta oppsummert. Fylkesordførarane i dei to fylka har sendt eit liknande brev.

Uvanleg

- Det er ikkje så ofte at dei tre regjeringspartia i fleire fylke går saman om ein felles uttale. Men dette er ei viktig sak, og vårt innspel er eitt av mange innspel, seier Støyva til smp.no.

Brevet, som er adressert samferdselsdepartementet, fiskeri- og kystdepartementet samt statsministerens kontor løfter fram kjende argument.

- Det er kjende argument. Men vi vil vise dei i partia som er imot skipstunnelen at vi verkeleg har tru på Stad Skipstunnel, seier fylkesleiar Oddrun Årflot i Møre og Romsdal SV til smp.no.

Les også: Vil skape bølger der makta er

Vekst

Persontrafikk

Eitt av argumenta er at skipstunnelen vil legge til rette for meir persontrafikk og dermed også for vekst i regionen.

- Eit samanhengande hurtigbåttilbod vil kunne gje utvikling av stader som Måløy, Vanylven, Herøy og Ulstein, seier Årflot til smp.no.

To av dei andre argumenta i brevet er:

Sikrare og raskare skipstrafikk

«Det er i dag svært mykje både nasjonal og internasjonal næringsrelatert trafikk rundt Stad, mellom anna innan fiskeri og havbruk, verftsbransjen, maritim industri og bergverk. Tunnellen er difor å sjå på som både eit nasjonalt og internasjonalt prosjekt for dei mange tusen fartøya som kvart åra passerar den værharde sjøstrekninga. For næringslivet vil Stad Skipstunnel bety sikre leveransar, mindre ventetid og kortare transporttid.»

Gevinstar ved varetransport over på sjø

«l dag går mykje av varetransporten med trailer, på grunn av ulempene med å runde det værharde og usikre Stadhavet. Stad Skipstunnel vil flytte transport og tungtrafikk vekk frå eit tungt belasta vegnett, og spare både driftsutgifter og miljø. Stad skipstunnel er ein miljøtunnel som vil få betyding for heile landet.»

Les fleire nyheiter frå Søre på smp.no