Det seier Terje R. Høybakk, dagleg leiar i Maritim Forening for Søre Sunnmøre.

På vegne av eigen organisasjon, samt kollegaene i Maritimt Forum Nordvest, Hareid Næringsforum og Næringsforeningen i Ålesundsregionen, ønskjer han å leggje fram ein felles kommentar til tirsdagens oppslag i Sunnmørsposten.

Saka handlar om ferjematrosane på «Ullensvang», som dagleg vert sjikanerte på jobb. Matrosane fortel at dei har opplevd trugslar og forsøk på å bli sneia borti av bilistar.

Må stanse

Han kan forstå frustrasjonen til dei reisande i sambandet Hareid-Sulesund, men tek sterk avstand frå oppførselen til enkelte av dei reisande.

– Vi vil sterkt oppmode reisande om å slutte med sjikanen.

– Kjenner du til liknande eksempel?

– Nei, ikkje i farta. Men ta til dømes sjukehussaka, der det er stor grad av splid og strid. Eg har ikkje høyrt noko om at legar eller sjukepleiarar vert angripne eller sjikanerte, sjølv om folk er misfornøgde, svarer Høybakk.

Han oppmodar ferjereisande til å ta opp problemet med leiinga i Norled eller fylkeskommunen.

Ekstra ferje

Dei fire organisasjonane er sterkt kritiske til mange av forholda rundt anbodsprosessen.

– Det har ført til at vi har det ferjemateriellet vi har i sambandet, særleg med tanke på «Ullensvang», og at vi framleis manglar den tredje ferja. For å betre kapasiteten og lette situasjonen for mannskap og reisande, håper Høybakk at ferja kjem på plass så raskt som muleg.

Dialog

– Det pågår forhandlingar med Norled, og tidspunkt for oppstart av ei tredje ferje er difor ikkje avgjort, opplyser Stig Helle-Tautra, seksjonsleiar drift i fylkets samferdselsavdeling.

Helle-Tautra håper at dei kjem fram til ei løysing med Norled, slik at ein slepp eit eige anbod for ferja.

– Kan ein risikere at ei tredje ferje ikkje kjem på plass?

– Nei, det er politisk vedtatt, og vi jobbar så fort som vi kan for å det til. Men når det blir, er vanskeleg å seie.

<strong>press:</strong> Charlotte Eikrem og Even Hartmann t.h. på «Ullensvang» har begge opplevd til dels grov sjikane. Hovudverneombod Ronny Kvam seier fleire av episodane manglar sidestykke. Foto: Knut Arne Aarset