ØRSTA (smp.no): Tjuvar har natt til tysdag teke seg inn i Amfi Ørsta og forsynt seg frå gullsmed Bjørklund.

Gullsmedbrekket vart oppdaga av reinhaldarar tidleg tysdag morgon.

Mistenkjeleg aktivitet

Politiet jaktar no tjuavane og ber om hjelp frå publikum.

- Vi vil svært gjerne vite det om nokon har sett mistenkjelege personar eller bilar i området, anten det er i natt eller tidlegare, seier lensmann Guttorm Hagen til smp.no.

- Vi driv no taktisk og teknisk etterforsking på staden, seier han vidare.

- Mest sannsynleg har dei kome seg inn gjennom taket, seier lensmann Guttorm Hagen tirsdag morgon.

Truleg via annan butikk

Politifolk sikrar tysdag føremiddag spor etter innbrotet ved gullsmedbutikken, som ligg i første etasje.

Etter det smp.no kjenner til skal tjuvane ha teke seg inn via ein anna butikk på senteret og vidare inn til gullsmeden ved å ta hol på ein vegg inne i senteret.

Politiet fryktar at det dreier seg om eit profesjonelt gullsmedtjuveri som ein har sett både i Ålesund og andre stader i landet, og går breitt ut i etterforskinga av saka.

Store verdiar

Førebels har ikkje politiet oversikt over skadeomfanget og kor mykje som er stole, men meldinga går ut på grovt tjuveri.

- Det er klart at gullsmeden har store verdiar, men førebels kan vi ikkje seie noko om kor mykje som er vekk, seier han.

Fleire betjentar arbeider no med saka, men Hagen utelukkar ikkje å få bistand utanfrå i etterforskinga.

- Det er mistanke om at store verdiar er stole, opplyser operasjonsleiar Johan Arnt Overøye i Sunnmøre politidistrikt i 08.40-tida tysdag morgon.

Sperrar av området

Eit område på vestsida av kjøpesenteret er i morgontimane sperra av. Samstundes er eit område inne på senteret sperra av politiet.

Då dei tilsette ved kjøpesenteret kom for å starte arbeidsdagen, var allereie politiet på plass.

Ønskar tips

Politiet vil svært gjerne ha tips frå publikum. Tips kan gis til lensmannskontoret i Ørsta på tlf 02800.

Innbrotet i Ørsta liknar så langt på eit liknande gullsmedbrekk på Moa i fjor. Der står politiet på bar bakke etter at smykkar for 1,2 millioner vart stolen i haust. Politiet har uttalt til smp.no at dei fryktar at saka ikkje blir oppklara.

Les også: Slik kom tjuvane inn til gullsmedenLes også: Fleire innbrot liknar på Moa-brekk

Har du tips eller opplysningar til smp.no i saka? Tips oss på 95 400 400 eller på 95400400@smp.no!

Politifolk på staden i gang med å sikre spor etter innbrotet ved Gullsmedbutikken som ligg i første etasje. Foto: Marius Rosbach
Politiet har sperra av delar av parkeringsplassen ved kjøpesenteret. Ein politibetjent kjem til staden ved 8.40-tida. Politiet vil ha tips om mistenkjeleg aktivitet i området rundt kjøpesenteret. Foto: Marius Rosbach
Lensmann Guttorm Hagen i Ørsta ønskjer tips frå publikum i jakta på innbrotstjuvane. Foto: Knut Arne Aarset