- Når vi kom til mai byrja eg å be kvar morgon også, smilar Kvalsund.

Og bederutina ser ut det ser ut til å ha fungert. Fredag kveld starta Fosnavåg Rock 2015 med sol frå skyfri himmel.

Arena for lokale

Kveldens store trekkplaster er DumDum Boys og Stage Dolls, men på programmet står også mange regionale artistar.

- Det skjer så mykje positivt innan musikken her i området, derfor er det eit mål for oss å gi regionale artistar ein arena. Slik var det i fjor og slik er det i år, fortel festivalsjefen.

Spontantur

Mellom kveldens første gjestar på festivalområdet er Sindre og Helen Ertesvåg, saman med June Muren Ertesvåg (13).

- Det var så fint ver, så vi fann ut vi skulle ta oss ein tur, fortel ulsteinvikingane.

- Vi veit ikkje kven som skal spele ein gong, men vi gler oss til å få høyre god musikk, seier Sindre.

For June er dette første festivalen ho er på.

- Venninna mi kjem og vi skal kose oss og høyre musikk. Eg trur det blir gøy og god stemning.

Ikkje så lenge før første band entra scena, var det ikkje så mange som hadde kome til festivalområdet, trass i sol frå skyfri himmel.

- Herøyveringane må kjenne si besøkstid og kome når folk arrangerer festival i heimbygda, seier Sindre, og legg smilande til:

- Helsing ulsteinvikingane.

Sindre og Helen Ertesvåg, saman med June Muren Ertesvåg (13) Foto: Erlend Vikene