– Det er mange spennande tilnærmingar ved å vere ein del av Møre og Romsdal, seier Stryn-ordførar Sven Flo (H) til Sunnmørsposten.

Fylkestinget vedtok sist veke ein uttale som slår fast at ein om å vere eigen region, slik som no. I debatten kom det fram fleire innspel om ikkje Nordfjord også burde vere ein del av Møre og Romsdal.

Gjer som fleir enn 20.000 andre - følg smp.no på Facebook

Fylkesordførar Jon Aasen (Ap) seier til Sunnmørsposten at det kan vere naturleg, men korkje han eller fylket vil presse på for å få Nordfjord med i Møre og Romsdal.

– Det må Nordfjord-kommunane sjølve avgjere. Saka blir heilt sikkert ein del av debatten når Vestlandsrådet samlast på nyåret, seier Aasen.

Fordelar

Ordførar Sven Flo trur det vil vere ulike oppfatningar i Nordfjord i denne saka, men sjølv meiner han spørsmålet vil vere ei naturleg vidareføring av dei diskusjonane ein no har med kommunar på Søre Sunnmøre om framtidig kommunesamanslåing.

– Først må vi gjere oss ferdige med den diskusjonen, så får vi gå vidare med det regionale spørsmålet, seier Flo.

– Kva fordelar ser du ved å vere ein del av Møre og Romsdal?

– Kommunikasjonar, næringsliv, turisme og sjukehus er nokre av sakene som er interessante. Det kjem eit nytt inntektssystem, og vi må sjå korleis det slår ut for oss. Det handlar om å velje det som gir best tenester for innbyggjarane våre, seier Flo.

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no

Han minner om at det lenge har vore eit godt tilhøve mellom Sunnmøre og Nordfjord.

– Er det for få innbyggjarar i Sogn og Fjordane til at det vert ein eigen berekraftig region i framtida?

– Eg trur alle fylke meiner dei er store nok til å halde fram som eigne regionar, seier Flo.

Mange nok menneske

I vedtaket frå fylkestinget i Møre og Romsdal heiter det mellom anna at fylket med sine 262.000 innbyggjarar har eit stort nok befolkningsgrunnlag til å vere ein effektiv og fagleg sterk tenesteprodusent på regionalt nivå.

Samstundes har fylket ein storleik som gjer at administrasjonen har oversikt over og tilpassar tilbodet etter lokale behov. Større regionar gir lengre og mindre effektive styringslinjer, med mindre folkestyre.

<strong>Fylkestinget:</strong> Fylkesordførar Jon Aase (th) vil gjerne ha med seg Nordfjord i Møre og Romsdal.