(Vikebladet): Det var fire jenter frå Hødd sitt rekruttlag i tillegg til ei mor som sat i den eine av to bilar som kolliderte i eit vegkryss like ved opninga til Valderøytunnelen på Valderøya torsdag ettermiddag. I bilen dei kolliderte med sat det også fem personar, der fire av dei var spelarar frå eit anna fotballag, som var på veg frå stadion.

– Vi var på veg for å spele bortekamp mot Valder. Ulukka skjedde rett før vi skulle svinge ned til Valdervoll, i eit kryss der det ofte skjer ulukker. Der kolliderte ein av våre bilar med ein annan bil, fortel Øystein Bohinen Muren, som kom køyrande to bilar bak.

Takkar IL Valder

– Dei vart skikkeleg mørbanka. Alle brukte heldigvis setebelte. Hadde dei ikkje gjort det, kunne dette enda med eit langt verre utfall. Heldigvis var også bilen dei sat i ny. Det er eit under at det ikkje gjekk verre, seier Bohinen Muren.

– Dei fekk kome inn på klubbhuset og fekk seg både mat og drikke. Eg vil rette ein stor takk til IL Valder for måten dei stilte opp for oss. I ein slik situasjon betyr fotball ingenting. Men venskap og godheit betyr mykje, seier trenaren og legg til:

– Dette var ei tøff påkjenning for dei i ulukkesbilen, men også for resten av laget. Det var først då eg sette meg i bilen igjen etter hendinga at eg sjølv fekk tenkt litt på kor heldige dei faktisk var. Vi er veldig takksame for at dette ikkje gjekk verre.

Vurderer å spele kamp måndag

Kampen mot Valder blei naturlegvis avlyst som følgje av ulukka. Sesongen held fram med ny kamp allereie måndag mot Ørsta, men i følgje trenaren skal lagleiinga i samråd med jentene vurdere dette under neste trening.

– Kampen som blei avlyst får vi alltids spelt ved eit seinare høve. Så får vi vurdere under treninga i dag, fredag, om vi føler oss klare for å spele på måndag. Det viktigaste no etter denne ulukka er å ta vare på jentene, så får vi sjå kva som skjer, seier Øystein Bohinen Muren.

Som ønskjer å poengtere at setebeltebruk kan redde liv.

– Heilt klart. Bruk setebelte, uansett.

Saka vart først publisert på Vikebladet.