Søndag var det duka for årets kunstival, Go With the Flø, ved Studio Hugo Opdal for sjuande gang. Hugo Opdal ønska alle velkomne, og retta ein spesiell takk til sponsorar som gjorde kunstivalen mogleg. I år var kunstivalen, som er ei blandinga mellom ein bygdedag og kunstfestival, retta mot barn og familie, ifølgje Opdal.
Les også: Actionsport på «Go with the Flø»
Framtidas kunstnarar
Årets utstilling «Varde» er samansett av rundt 30 verk av sju unge kunstnarar. Martin Schreiner er kurator og organiserer utstillinga, samt han stiller ut eigne verk.
Frå Berlin og Paris til Go With the Flø
Utstillinga starta med ein enkel tanke, og Schreiner seier at ein kan tenke seg stein i ein varde: Ein veit ikkje kven som har lagt kvar stein eller kva tid det skjedde.
– Forma blir til når ein legg stein etter stein. Visuell kunst kjem forbi eit verbalt språk, seier Schreiner.
Kunsten er plukka ut frå seks andre kunstnarar som Schreiner ser opp til.
– No fekk eg ein sjanse å samarbeide med dei, og skape noko saman. Her er gode handverk og mange motiv, seier Schreiner.
Det skjer-kalenderen: Få med deg alt som skjer på Nordvestlandet
Parkour
For årets kunstival tok
Amadei Weiland, også kalla «Urban Amadei»
, turen til Flø frå Berlin. Amadei er ein av dei fremste utøvarane innan actionsporten parkour. Både store og små flokka seg rundt, då artisten viste nokre av alle triksa han kunne. Barna fekk eige kurs i parkour, og engasjementet var stort.
– Eg har haldt på med dette i 14 år, og det krev dagleg trening. Eg reiser mykje rundt i verda, og spelar inn film og er med på fotografering, seier Amadei.
Historia om Go with the Flø: Flø går mot straumen i Bygde-Norge
Konsert
Midt på lyse dagen, i gymsalen på Flø, laga Brede Rørstad nattklubbstemning. Artisten og utflyttaren frå Valderøya, bur no i Paris og er internasjonalt kjend. Publikum på Flø fekk lanseringa av ein heilt ny song og musikkvideo.
– Det er kjempestas å vere på heimtrakter. Eg vil gje barn, vaksne og pensjonistar noko dei ikkje forventar i dag, seier Rørstad.