Men så er det også dei færraste som har sett ut i livet ein så original forretningside: Det som elles hadde blitt nedfallsfrukt i Oslo-hagane vert forvandla til eplemost - som både er å finne på gourmetrestaurantar i hovudstaden så vel som i fleire butikkar og kioskar.

Runa og to studievenninner frå «Gründerskolen» fekk ideen i fjor, og engasjerer psykisk utviklingshemma til å gjere jobben. For dette fekk dei måndag Ferd-prisen Årets sosiale entreprenør, og blant gratulantane var altså kronprins Haakon.

Satsar for fullt

– Klart vi er kjempeglade for dette. No får vi råd til å byggje ut firmaet, og levere langt meir enn sju tonn eplemost, slik vi gjorde første hausten, seier ei jublande glad Runa, som har budd i hovudstaden sidan ho var atten år gammal.

Sunnmøring

– Korleis fekk de denne ideen?

– Vi såg jo dei enorme mengdene nedfallsfrukt i dei store hagane rundt Oslo. Det er gjerne gamle menneske som er eigarar, folk som ikkje maktar å hauste epla sjølve. På Gründerskolen skulle vi skrive oppgåve om forretningsidear, og så fann vi ut at ideen i oppgåva var så god at vi måtte setje den ut i livet, seier Runa.

Kompanjongane i firmaet er Anne Dubrau og Eva Hugenschmidt, og også bror til Runa, Paul-Are Klock Tjervåg, er involvert.

La planar via skype

– På Gründerskolen hadde vi eit utanlandsopphald. Eg var på Berkeley-universitetet i California, Anne var i Boston, og Eva i Singapore. Vi sat og planlagde firmaet på Skype – og kalla det rett og slett «Epleslang», fortel Runa.

Abildsø

Dei iderike damene kontakta vekstbedrifter som sysselset psykisk utviklingshemma. Dei tende på ideen. Dei knytte også kontakt med Abildsø gård, der eplemosten vert pressa.

– Til no har vi selt eplemost til Jacobs, Gutta på Haugen og Fairtrade i Mathallen. Dei serverer også mosten på The Thief, Norges einaste 5-stjerners hotell, seier Runa Klock.

Mange om beinet

Det er tobakkskongen Johan H. Andresen som står bak prisen, som vart delt ut på Astrup-Fearnley-museet. Både Andresen og Johann Olav Koss sat i juryen, som plukka ut Epleslang til å vinne gjevaste prisen, i konkurranse med 200 andre.

Flying start

– Fantastisk inspirerande, og vi er så stolte og glade! Vi håper å utvikle firmaet, så om nokre år vert det kanskje «epleslang» i mange andre norske byar også, seier Runa Klock.

Epleslang-firmaet fekk ein flying start då dei starta opp i fjor, med mykje mediaomtale – og mange interesserte hageeigarar i og rundt Oslo.