I timane før 3.-divisjonsoppgjeret mellom Bergsøy og Herd hadde vertskapet på Havila Stadion Fosnavåg eit triks i ermet for å få opp stemninga før avspark.

Ettersom laurdagens kamp er Bergsøys første på den nyopna stadion, ønskte dei å lage litt ekstra show. I det høve hadde dei invitert triksedronninga Charlotte Lade frå Sykkylven.

28-åringen er til dagleg tilsett i den engelske fotballklubben Tottenham, men fekk vise fram den flotte teknikken sin framfor dei tidlege frammøtte i Fosnavåg.

Sjå Lade i aksjon i videoen over.