Heller ikkje søk med hundar ga resultat i leitinga etter den truleg omkomne ungguten i Stryn. Det opplyser i Sogn og Fjordane politidistrikt til smp.no kort tid før letemannskapene avslutta søket for kvelden fredag.

Eit større søk vart sett i verk etter at den nederlandske guten forsvann i Videelva  6–700 meter over Videsæter hotell torsdag ettermiddag. Guten er ifølgje politiet 12 år gamal, ikkje 14 slik fleire medier har meldt.

Heile fredag har mannskap delteke i det krevjande arbeidet.

Det einaste sporet etter guten so langt er ein genser som vart funnen om lag 200 meter nedanfor der han falt i elva.

Les også: Sett inn hundar i søk etter 14-åringLes også: – Ikkje håp om å finne guten i live

Glad for støtta

Moren og lillebroren til guten er teken hand om av det kommunale kriseteamet i Stryn, og besteforeldre av guten kom fredag til staden.

To vener av familien var saman med mora då 12-åringen gjekk tur med broren torsdag.

– Dette er sjølvsagt tungt både for den yngre broren som var saman med 12-åringen då han forsvann i elva, og mora. Men familien seier at dei sett stor pris på den støtta dei har fått frå kriseteamet - og særleg den lokale presten seier politiet sin innsatsleiar på staden, Webjørn Moa, til smp.no.

Følg smp.no på Facebook

Tek opp at søk laurdag

To hundeekvipasjar frå Ålesund var ved 17-tida på plass i Stryn. I tillegg til mannskap frå fleire lokallag frå Røde Kors, har både ei elveredningsgruppe frå Stryn og Eid, alpin redningsgruppe frå Sunnmøre og folk frå Sivilforsvaret delteke i arbeidet.

Laurdag føremiddag ved 10-tida vert søket etter planen teke opp att igjen.

– Vi vil gå gjennom dei områda det er mest sannsynleg å finne noko, men det å finkjemme elva med den sterke vassføringa som er på staden, er ei krevjande oppgåve, seier operasjonsleiar Kjetil Avsnes i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Det vert óg vurdert å be om bistand frå ei elveredningsgruppe frå Sjoa som har mest erfaring med slike vanskelege elvesøk.

Les fleire nyheiter frå Søre Sunnmøre og Nordfjord på smp.no