SISTE: La til ved Skansekaia i Ålesund mandag ettermiddag - sjå den på webkamera her

Søndag kveld ankra den 75 meter lange luksusyachten «Northern Star» opp ved sentrum av Ulstein. Yachten har eit mannskap på 22 og plass til 12 gjestar om bord, opplyser båtens nettside.

Her står det også at utleigeprisen er 650.000 euro per veke, altså rundt 5,5 millionar kroner. Då er sikkert mat inkludert.

Ifølgje Marinetraffic starta yachten søndag føremiddag frå Sandane i Nordfjord, og via Måløy og Stad gjekk dei inn Rovdefjorden og rundt Hareidlandet før dei ankra opp i Ulsteinvik søndag kveld. Dagen før var dei i Sognefjorden.

– I møte med dei no

Det er ikkje kjend kven millionærane eller muligens milliardærane om bord er.

– Men vi veit godt kven dei er, seier salsdirektør Arve Holstad i Kleven Maritime.

– Kva meir kan du seie?

– Ingenting. Vi er i møte med dei no, seier Holstad med eit smil til Smp.no måndag føremiddag.

Bygger yachtar

Om det er ein samanheng mellom dette besøket og at Kleven byggjer luksusyachtar er ikkje kjend.

I fjor haust fekk Kleven kontrakt på ein luksusyacht til den newzealandske forretningsmannen Graeme Hart. I fjor leverte dei også ein luksusyacht på 107 meter.

Arktis

Northern Star, bygt i 2009, er forresten til sals. På nettstaden Boat International  er prisestimatet 99,95 millionar euro.

Då får kjøparen ein båt som er isforsterka, med ei rekkevidde på 7.000 nautiske mil, som er «helicopter capable» og med «beauty salon and gym».