Elisabeth Gigernes skvatt til då ho sat og las eventyr for guten sin, Noah, på fire år i går kveld.

Følgsmp.no på Facebook

Det var Asbjørnsen og Moe som som var lesestoff, og dei var komne til eventyret om Då reven fekk kvit haletipp.

– Eg klarte ikkje å vente til eg var ferdig med å lese, men ville berre ta bilde med ein gong.

For ho las «Kan du ikke bruke meg til gjeter, da? Spurte reven. Jo, bare du kan lokke, så, sa kona. Dill-dall-holom! Sa reven, så lokket så grant og fint».

Lesfleire nyheiter frå Søre Sunnmøre og Nordfjord på smp.no

Bildet med revesvaret lagt ut på facebook. Og fire år gamle Noah som har sunge «What does the fox say» dagen lang i det siste, er svært fornøgd med å ha fått svar på kva reven seier.

– Har du ringt til Ylvis, no då?

– Nei, er du gal. Men eg har lagt ut bildet på instagram og tagga dei, flirer ho.