Det var måndag at ein ung gut på 14 år blei brakt opp frå Rotevatnet ved den populære badeplassen på Årneset i Volda.

Fortel om bergingsaksjonen: Guten ringte for å takke

Gut (14) er våken og på betringens veg

Utanfor livsfare og i betring

Fredag stadfestar Helse Møre og Romsdal at guten er på bedringens veg.

Han er utanfor livsfare og utan behov for intensiv behandling. Pasienten er vaken og i betring, heiter det i ei statusoppdatering.

Gut (14) er våken og på betringens veg

Til sjukehus Den unge guten blei brakt til sjukehus med helikopter. Foto: Heidi Fagna

Kan ha vore eit kvarter under

Klokka 19.20. Smp.no får opplyst frå Møre og Romsdal 110-sentral at dei fekk første melding inn på dette tidspunktet.

Klokka 19.21. Politi har nytta dette tidspunktet for når dei fekk melding om person som var observert under vatn.

Nokre ungdomar som var på staden har forklart at dei forsøkte å hjelpe guten, og få han opp frå vatnet.

Klokka 19.27. Brannmannskap i hovedbilen påkledd og klar for overflateredning.

Klokka 19.28. Loggført at brannmannskapa rykka ut i Volda. Fleire bilar køyrer ut.

Klokka 19.35. Meldt tilbake til 110-sentralen at personen er tatt opp av vatnet.

Det var mannskap frå brannvesenet som her gjorde søk under vatn og fekk henta opp guten på sju meters djupne.

Klokka 19.36 blei guten brakt på land.

Det vart iverksatt gjenoppliving på staden, og hjarte- og lungeredning blei starta med det same guten var tatt ut av vatnet.

Fortel om bergingsaksjonen: Guten ringte for å takke

Foto: SVEIN AAM