Fabrikktrålaren «Havbryn» er no på veg til Murmansk der den skal takast over av Murmansk Trawl-Fleet – det største fiskebåtrederiet i Russland.

Og snart går truleg «Havstrand» same vegen.

I staden har Strand-reiarlaget bestilt to nye trålarar i Tyrkia. Dei skal bli frysetrålarar utan fabrikk for filetproduksjon.

Dette er berre to døme på ei utvikling som har ført til at den tradisjonelle norske fabrikkskipsflåten vert erstatta av rundfrystrålarar.

Jan Ivar Maråk i Fiskebåtredernes Forbund likar ikkje utviklinga .

– Sjøfrosen filet er noko av det finaste vi har å tilby, seier han.

Desimert

Då han byrja i Fiskebåtredernes Forbund i 1988, var det 25 fabrikktrålarar. Neste år er det truleg berre tre att.

– For totaliteten si skuld hadde det vore ein fordel med større produktspekter. Konsentrasjon om eitt produkt og ein nisje er uheldig, seier Maråk.

Samstundes har han forståing for vala som er gjort.

– Produksjon av H/G-fisk (sløygd og hovudkappa) har ein periode vore meir lønsam, og den krev mindre mannskap, slik at det vert større lottar, seier han.

I staden satsar russarane på filetproduksjon - på brukte norske trålarar.

– No møter vi russarane i marknaden, og dei kan tilby billegare fisk enn oss. Vi er med på å grave vår eiga grav, seier Jan Ivar Maråk.

Norsk-russisk

På Vartdal ligg for tida ein av dei russiske fabrikktrålarane. Det er «Karelia II» som har leigd kaiplass, slik at Bjørdal Industrier i Ørsta kan oppgradere fabrikken om bord.

«Karelia II» er gamle «Hopen», som altså har hamna i Russland som så mange andre.

Sjøvik AS i Midsund driv båten i samarbeid med eit russisk rederi.

– Det har vore mange veldig gamle trålarar i Russland, men det skjer ei fornying gjennom kjøpa av brukte trålarar frå Norge, seier administrerande direktør Olav Sjøvik i Sjøvik AS.

Han undrar seg over at det snart ikkje er fabrikktrålarar att i Norge.

– Det er synd at det ikkje vert produsert meir sjøfrosen filet, fordi det er eit førsteklasses produkt. Det vert ikkje same kvaliteten når fisken vert dobbeltfrose, seier Sjøvik.

Han fortel at «KaraliaII» leverer ulike produkt, alt etter storleiken på fisken,

– Interessa frå Kina for H/G fisk har dabba av, og då har det lønt seg å produsere filet om bord, seier Sjøvik.

«Havstrand» skal skiftast ut, og hamnar truleg i Russland, slik «Havbryn» har gjort. Arkivfoto