Då Timbuktu spelte på ID-huset i Brattvåg var det tre stopp på turnélista i Midt-Norge, Trondheim, Brattvåg og Volda.

– Ei ganske typisk rute, utan Ålesund som spelestad. No har det forandra seg. Etter at Terminalen blei etablert skal det nok meir til for at ungdommane reiser frå Ålesund og andre stader til Brattvåg, meiner dagleg leiar Inger Johanne Ruset.

Berre 100 betalande stilte opp då hardrockbandet Audrey Horne frå Bergen spelte på ID-huset i vår.

– Det kan også skuldast for dårleg marknadsføring, i og med at vi var i ei overgangsperiode. Men lærdommen var at vil vere litt meir forsiktige med slike arrangement, for dei blir lett for kostbare, seier Ruset.

Indiepop

Dermed er det berre eitt av haustens 21 arrangement i ID-huset som frir direkte til dei unge musikkinteresserte. Det er indiepop-gruppa Tenderleaves frå Sørlandet.

– Og så kan vi jo nemne Rohey som byr på soul og R & B, seier Ruset.

Mens årets vårprogram baud på spesielt mykje for born, byr haustprogrammet på meir for dei vaksne.

Samarbeidsprosjekt

Fleire av arrangementa er samarbeidsprosjekt mellom lokale, regionale og nasjonale artistar og utøvarar.

– Det er eg spesielt nøgd med. Fleire av dei er vi også åleine om å ha, fortel Ruset, som gler seg stort til alt som skal skje i månadene framover.

Eitt av prosjekta ho har fått i stand er eit «musikalsk bokbad» der Oddgeir Bruaset skal fortelje historier om julevisene, med musikk av Sigrid Moldestad som ramme.

– Og så er eg veldig nøgd med konserten med Wenche Myhre, som eg er så glad i. Ho tok sjølv kontakt og sa ho hadde lyst til å spele på Sunnmøre, fortel Ruset.

Bjørn Sundquist og strykarane i Engegårdkvartetten si framføring av «Terje Vigen» er også noko ho ser spesielt fram til.

<strong>indiepop:</strong> Sørlandsbandet Tenderleaves er det einaste av dei 21 arrangementa på Ingebrigt Davik-huset i haust som frir direkte til dei unge musikkinteresserte. Men soul- og r&b-gruppa Rohey er også noko for dei unge, trur dagleg leiar Inger Johanne Ruset.
<strong>Musikalsk bokbad:</strong> 3. desember blir skal Oddgeir Bruaset fortelje om julevisene, akkompagnert av felespelaren Sigrid Moldestad.
<strong>Samarbeidsprodsjekt:</strong> Ørskog Brass og Brattvåg skulekorps har ?fått med seg jazztrompetaren og komponisten Jan Magne Førde. ?22. november spelar dei i ID-huset i Brattvåg.