Det går fram av ei pressemelding frå samferdsledepartementet, i samband med at det torsdag blei lyst ut nytt anbod på regionale flyruter i Sør-Norge.

- Flytilbodet på kortbanenettet er ein viktig del av vårt samferdselstilbod. I nytt anbod for flyruter i Sør-Noreg vil regjeringa sikre eit godt tilbod til flypassasjerane og samstundes styrkje konkurransen om flyrutene, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Trafikksterke ruter

På strekningar med stort passasjerpotensial meiner departementet at det ikkje er naturleg at staten subsidierer flyruter. Situasjonen for kvar flyrute blir vurdert ved kvart anbod.

Frå 1. april 2016 blir det ikkje statleg regulering og kjøp av flytransport på rutene Florø – Oslo, Florø – Bergen og Ørsta-Volda – Oslo. Desse rutene er no vurdert som trafikksterke flyruter med potensial for konkurranse og tilbod på kommersielle vilkår.

På tre flyruter med kommersielt potensial blir statleg regulering og kjøp oppheva. Samstundes blir det lagt til rette for auka konkurranse om dei rutene som staten framleis skal kjøpe.

Anbodet

Anbodsinvitasjonen omfattar følgjande flyruter i perioden 1. april 2016 – 31. mars 2020:

• Røros – Oslo

• Førde – Oslo

• Sogndal – Oslo

• Sandane – Oslo

• Sogndal – Bergen

• Sandane – Bergen

• Førde – Bergen

• Ørsta-Volda – Bergen

På grunn av svake passasjertal kjem staten ikkje til å kjøpe flytransport på ruta Fagernes-Oslo etter 1. april 2016. Dette blei vedteke av Stortinget i samband med behandlinga av statsbudsjettet for 2015.

Fleire sete

Dei samla setekapasitetskrava blir auka for dei fleste rutene, og det er gjort justeringar for betre å leggje tilbodet til rette i tråd med lokale reisevanar. I tidlegare anbodsrundar har Samferdselsdepartementet sett rigide krav til dagleg frekvens og setekapasitet på flyrutene. I denne anbodskonkurransen er det i staden krav til setekapasitet per år, ifølgje pressemeldinga.

Dette opnar for at flyselskapa kan auke talet på avgangar på dagar med høg etterspurnad og redusere flytilbodet på dagar med låg etterspurnad.

Samferdselsdepartementet vil ikkje setje generelle krav til flystørrelse i denne anbodsrunden. Samstundes gjeld krav om setekapasitet per år. Fleksibilitet med flystørrelse gjer at flyselskapa betre kan vurdere om det er best å auke talet på passasjerar ved å ha høg frekvens og færre flysete per avgang, eller lågare frekvens men fleire passasjerseter per avgang.

Strenge krav til flytryggleik

Samferdselsdepartementet held fram med å stille strenge krav til flytryggleik i anbodet. Flyselskap som vinn i anbodsrunden må bruke trykkabin og satelittbasert instrumentinnflyging. Det er òg krav til treningsprogram for flyging på kortbaner.

For å sikre eit tilbod på dei flyrutene som det ikkje er bedriftsøkonomisk lønsamt å drive, kjøper staten flytransport etter ein anbodskonkurranse blant flyselskapa. Flyselskapet som vinn ein anbodskonkurranse, får einerett til drift av ei rute, eller eit ruteområde, i eit gitt tidsrom. Samferdselsdepartementet kan setje krav til drifta av flyrutene. Desse krava omfattar setekapasitet, ruteføring og maksimalpris på billettar.

Samferdselsdepartementet skriv som hovudregel under kontrakt med flyselskap som tilbyr å drive ei flyrute eller eit ruteområde til den lågaste kostnaden for staten.

Anbodsfristen for flyselskapa er 7. juli 2015.