– Ein heil del padder er overkøyrde. Det er snakk om hundrevis, seier Oddvar Olsen som saman med Gunnar Wangen jobbar for paddene sine vilkår i Austefjorden.

No krev dei ytterlegare sikringstiltak, for å berge fleire padder.

Stor trafikk

Paddene held til i skogen ovanfor vegen, men om våren trekkjer dei ned til Litlevatnet for å pare seg og legge egg.

Siste veka i april og første veka i mai var det ifølgje Olsen stor trafikk av padder frå skogen og ned i vatnet. No er paddene komne tilbake i skogen. For dei aller fleste gjekk det bra, takka vere paddetunnelane som er bygde som ein del av Kvivsveg-prosjektet.

– Paddene bruker tunnelen, men der er eitt parti med ei fjellskjering som ikkje er avstengd, og der vandrar paddene over Kvivsvegen, fortel Olsen.

Auka trafikk

Paddene vandrar sakte. Dei står gjerne ein time på same plass. Og med auka trafikk på Kvivsvegen fryktar Olsen at det blir fleire padder som må bøte med livet på vandringa si over vegen.

Paddekolonien i Austefjorden er ein av dei største i Norden. Tidlegare rekna ein med at det var mellom 6.000 og 12.000 padder i området. Nye utrekningar viser at det er mellom 15.000 og 20.000 padder, men ifølgje Olsen er det sannsynlegvis endå fleire.

Olsen og Wangen har laga ein rapport der det går fram at området som treng sikring er om lag 100 meter. Kvar vår vandrar 2000 padder over vegen her, og fleire av dei vil bli overkøyrde før dei kjem fram. Når så mange padder blir overkøyrde, meiner Olsen og Wangen det vil påverke bestanden negativt.

– Ein vil ikkje kunne klare å halde oppe talet på padder, meiner dei.

Paddeungar

I rapporten peikar dei også på problemet for paddeungane å finne vegen frå vatnet og opp i skogen. Mange blir gåande nedanfor leidegjerda som er sette opp, utan å finne vegen gjennom røra. Kva dette har å seie for bestanden er uvisst.

Dei peikar også på at gamlevegen til Fyrde er eit problem for paddene. Der er det ikkje sikringstiltak, men med auka trafikk på Kvivsvegen reknar dei med auka trafikk også på lokalvegen. Dette vil igjen ta livet av fleire padder enn før.

Kan bli tiltak

Vegvesenet avviser ikkje at det kan bli gjort ytterlegare tiltak for paddene i Austefjorden.

– Vi har sett på saka, men ikkje diskutert tiltak, seier byggeleiar for Kvivsvegen, Dagfinn Rotevatn.Olsen og Wangen foreslo først eit stengsel som ville ført til at det blei umuleg å slå i området, men dei har no lansert ei løysing med rør. Og denne løysinga har vegvesenet enno ikkje teke stilling til.

– Det er ikkje store tiltaket, så dette er vi ikkje uvillig til å sjå på, seier Rotevatn og legg til at det no er andre som har fått driftsansvar for vegen.