Etterlang tid med tenking og grubling har Malene tatt ei avgjersle om si eigaframtid. Frå 1. juni blir ho å sjå i Storhamar sine gule drakter.

Dermed tek hofylgje med avtroppande Volda-trenar Alfred Ørn Finnsson.

Ho trur dei kan haldefram samarbeidet dei har hatt og at islendingen kan utvikle ho enda meir somspelar. At Finnsson overtek Storhamar er ein medverkande, men ikkje avgjerandegrunn til klubbeskiftet, seier Aambakk til Sunnmørsposten.

– Det ermitt eige mål om spel på øvste nivå og Storhamar var den beste klubben av deisom kom med tilbod, seier Aambakk, som og hadde tilbod frå Vipers iKristiansand og Levanger.

Avgjerslaom å forlate klubben ho har spelt for dei siste tre åra har korkje vore enkeleller tatt over natta. Både før kvalifiseringa til førstedivisjon tok til, og idagane etter at opprykket var sikra, har Ørsta-jenta fundert på kva ho vil.

– Det varlitt godt å få det avgjort. No kan eg legge det til side, seier Aambakk somomtalar lagvenninnene som «fantastisk gjeng».

Stolt moderklubb

Etter treår i Volda ser ho tilbake på berre positive minner og har «ingenting negativt åseie om klubben».

– Det ertrist å forlate klubben, men for mi eiga utvikling var det på tide. Eg er ialderen der eg må flytte på meg for å kunne utvikle meg, seier Aambakk.

Leiar iVolda handball, Arild Bakke sa til Sunnmørsposten under kvalifiseringa i helgaat det vil vere ei overrasking, og å rekne som ein bonus om Aambakk bleiverande i klubben.

– Det eren del av gamet. Klubben ynskjer ho all lykke vidare, og vi er stolte over å hafått fram ein så god spelar, seier Bakke no etter at avgjersla er kjent.

Moglegheit for retur

Storhamarenda som nummer fem i den nyleg avslutta sesongen, og Aambakk sluttar seg tilklubben frå kontrakten startar, men ho veit ikkje sjølv om ho flyttar til Hamarallereie då eller ventar til august.

Aambakkbind seg til klubben i to år, men har ein klausul som gjer deg mogleg å bryteut av kontrakten om ho skulle angre på valet. Dette forslaget var det klubbensom kom med og Aambakk er godt nøgd med løysinga.