Politiet har fått inn svært få tips i samband med tjuveriet av rundt 300 minkskinn frå ein oppdrettar i Norangsdalen i Ørsta.

Tjuveriet skjedde natt til laurdag og politiet ønskjer tips om bilar eller personar som har vore i området frå klokka 19.30 fredag til klokka ni laurdag morgon.

Følg smp.no på Facebook

– Vi har vore på staden og sikra spor, og ein del av dette er sendt inn til Kripos for nærare undersøkingar, seier fungerande politioverbetjent Egil Rustad til smp.no.

Politiet håpar at dette kan gi konkrete tekniske spor, som fingeravtrykk eller DNA-spor, å gå vidare med.

Gjerningspersonane tok seg inn gjennom eit vindauge på garden og forsynte seg med skinn til minst 100.000 kroner.

Les også: Stjal minkskinn for meir enn 100.000 kroner

Vidare vil etterforskarane ta kontakt med Nordmøre og Romsdal politidistrikt for å sjekke mulege koplingar til eit nyleg pelstjuveri på Tingvoll.

Pelsoppdrettaren som er utsett for tjuveriet, vil ikkje stå fram, men kollega Svein Arne Øye sa til smp.no i helga at han trudde dreide seg om organisert kriminalitet.

– Eg reknar med det er godt organiserte  bandar. Dette er utstrakt i Danmark, og det har kome også til Norge. Vi veit at skinna er lett omsetteleg i til dømes dei baltiske landa, Polen og Russland. Så dette kan vere eit bestillingstjuveri på varer som skal austover, utan at vi veit det sikkert, sa han til smp.no.

Les fleire nyheiter frå Søre Sunnmøre og Nordfjord på smp.no