Det var ikkje måte på meldarslakt av den nye plata til Vassendgutane, «Skru opp!!». Først kom toaren og mildt sagt  lite velvilje i Dagbladet, før VG følgde opp med nøyaktig same valuta. Dette var fantasilaust og dårlege greier av gutane frå Vassenden.  Etter førevarselet med fjerdeplass på VG-lista i førre veke, small gutane rett på topp denne veka. Altså: Vassendgutane frå Åmdalen og Ørsta toppar VG-lista. For tredje gong med nytt album. Og som einaste norske band i toppsjiktet.

Travelt

Sunnmørsposten ringjer gitarist Rune Brautaset for ein aktuell kommentar – og spør kvar gutane er.

– Nei, hondi, det veit eg ikkje eksakt. Hilde, kva heiter det her, ropar Rune over skuldra. -  Sunndalsøra, ho seier det er Sunndalsøra, flirer Brautaset og vi skjønar at gutane har det frykteleg travelt. No er det primært ytterlegare promotering av plata som gjeld, og til kvelden spelar dei på Marokko-festivalen i Kristiansund.

Ta til seg

- Korleis vurderer du platemeldingane i riksavisene Brautaset, kontra plasseringa på toppen av VG-lista?

- Jau, det e jekli bra,  i grunnen steikje tøft om eg får lov å seie det slik. Dette er noke ein nesten må ta til seg, seier Rune Brautaset nøgd. Platesalet har akkurat passert 13.000, i tillegg kjem streaming og nedlasting så det held.

Publikum slår tilbake

Rune Brautaset vedgår at toar på terningen frå dei som forstår seg på musikk faktisk ikkje er rare greiene.

– Nei! Men så er vi så heldige at vi har eit publikum som slår kraftig tilbake for oss. Og det held i massevis, forsikrar Rune Ståle Brautaset.

Så gjev han telefonen til kollega og bassist Sindre Aam, som er av same meining.

– Med dagens høve til å høyre gjennom  låtane våre -  før både platekjøp og nedlasting -  så kan vel ingen hevde at salet vårt er tilfeldig, analyserer Aam.

Invitasjonen

Aam har ein velmeint invitasjon på lur -  til meldarane i dei to riksavisene i Akersgata: - Eg inviterer dei til konserten vår på Rockefeller i Oslo i morgon kveld. Helst vil eg ha dei heilt framåt scenekanten. Først då kan dei få oppleve feststemninga - som kanskje kan forklare kvifor musikkvurderingane deira aldri har stemt overeins med platesalet vårt og stemninga på konsertane våre, iniviterer Sindre Aam.

Vassendgutane toppar VG-lista med sitt tredje album. Her er det Arthur Johan Bjørdal og Rune Brautaset som illustrerer hiten «Båtfolk». Foto: Arkivfoto: Knut Arne Aarset