- Eg vil ikkje uttale meg før etter nominasjonsmøtet. Om eg vert ståande eller ikkje, får den dagen avgjere, seier Abelseth til avisa Nordre.

Det er berre vel to veker sidan det var inngått forlik i ein strid mellom Abelseth - som er tidlegare einingsleiar for skule og oppvekst, og Sandøy kommune. Abelseth var også rektor ved Harøy skole, og meinte seg ulovleg oppsagt etter at stillinga han hadde vart utlyst før ferien i fjor, som følge av ei omorganisering.

I forliket heitte det mellom anna at partene var samde om at arbeidsforholdet enda 31. januar. Vidare at Abelseth fekk ein kompensasjon på 900.000 kroner og i tillegg 90.000 kroner i oppreising. Sandøy kommune kom også med ei orsaking for den belastninga saka har vore for einingsleiaren.

Les også: Får 900.000 i kompensasjon og 90.000 i oppreisning

På spørsmål frå avisa Nordre om Abelseth er klar for å jobbe i lag med rådmannen, dersom han skulle bli ordførar, er svaret som følgjer:

- Ingen kommmentar.

Sandøy Høgre si nominasjonsliste før kommunevalet til hausten har åtte namn. Namna er ikkje rangert. Lokalpartiet har nominasjonsmøte 25. februar.

Mener seg ulovlig oppsagt