Det var då han såg tape surra rundt hundesnuten, at det gjekk opp for han at det truleg har skjedd ein tragedie.

Steinar Hurlen trur at nokon har pakka ein levande hund godt inn i fleire plastsekkar, festa tau og søkke til og dumpa den i sjøen.

– Eg synest det er grufullt at folk kan gjere slikt mot eit dyr, det er grotesk, seier Hurlen til Sunnmørsposten.

Månader

Hurlen, som sjølv er hundeeigar, seier kadaveret er rundt 40 kilo.

Etter alt å døme har sekken vore i sjøen i atskillege veker. Det er fleire veker sidan Hurlen såg noko ubestemmeleg som flaut ute på fjorden, ikkje så langt frå heimen hans mellom Skjelten og Hildre.

– For tre veker sidan kom eg over sekken i fjøra, og hunden min byrja å rote borti det. Men eg lét vere å undersøke kva det var. I dag då eg var på tur i fjøra, tok eg meg saman, fortel han.

Straffbart

Hurlen er ikkje i tvil om at det har skjedd ei straffbar handling. Kvar den døde hunden kjem frå kan han berre spekulere i.

– Eg trur kadaveret er gammalt, og eg ser føre meg at dette kan ha kome langtfrå, seier Hurlen, utan at han såg kjenneteikn som kan røpe kvar sekkane kjem frå.

For fire år sidan vart ein mann dømd for dyreplager etter at han drukna hunden sin. Mannen vart ifølgje Bergens Tidende dømd til betinga fengsel i 21 dagar og vart frådømd retten til å ha hund i fem år.

Tysdag kveld har Hurlen lagt ein presenning over og nokre steinar rundt funnet i Haram.

– Eg har tenkt å ta turen til Brattvåg i morgon og melde det til lensmannen, seier Hurlen tysdag kveld.

Les nyheiter frå Nordre Sunnmøre, Vestnes, Midsund og Sandøy på smp.no

Tape rundt snuten indikerer at hunden ikkje var død då den vart dumpa i havet. Tommestokken viser ei lengde på rundt 90 cm. Foto: Torvald Hurlen
Omtrent slik fann Hurlen sekken i fjøra mellom Hildre og Skjelten, etter at han hadde laga hol for å sjå kva som var inni. Foto: Steinar Hurlen